Fakkeltog mot mobbing

VIKTIG: Førde-ordførar Olve Grotle (H) (til venstre) endra planane sine på stutt varsel for å vere med i sundagens fakkeltog mot mobbing.

VIKTIG: Førde-ordførar Olve Grotle (H) (til venstre) endra planane sine på stutt varsel for å vere med i sundagens fakkeltog mot mobbing. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Mange heiv seg rundt og vart med då Kristine Elise Wergeland søndag ettermiddag brukte Facebook til å invitere til eit spontant fakkeltog mot mobbing.

– Eg brenn for arbeidet mot mobbing. Alle kan vi gjere litt for å vere hyggelegare med andre menneske, og sjå og seie gode ord til kvarandre, seier Wergeland som òg takkar Førde kommune som stilte med faklar.

Førde-ordførar Olve Grotle var ein av dei mange som endra på planane sine og stilte opp på berre tre timars varsel.

– Wergeland har teke eit prisverdig initiativ for ei sak som vi alle kan samlast om. Mobbing er noko vi ønskjer å kome til livs, slår Grotle fast.

Artikkeltags