Fakkeltog mot mobbing i dag kl 17

Kristine Elise Wergeland og Linda-Helene Frøholm kasta seg rundt og arrangerer fakkeltog mot mobbing i Førde.

Kristine Elise Wergeland og Linda-Helene Frøholm kasta seg rundt og arrangerer fakkeltog mot mobbing i Førde. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

I dag samlast fleire tusen personar til fakkeltog mot mobbing. Det skjer etter at Villemo Hatland (14) tok initiativ til toget etter at VG skreiv historia om Odin. Faklane blir tent til minne om Odin, og dei 17.000 andre borna som blir mobba på norske skoler. Det skriv VG.

Kristine Elise Wergeland tenkte at Førde burde ha ei liknande markering. Ho sende ei melding ut på Facebook, og folk var samde. No arrangerer ho og Linda-Helene Frøholm fakkeltog samtidig som Oslo. Dei håpar at så mange som mogleg kastar seg rundt, og er med på markeringa som startar ved rådhuset klokka 17 i dag.

Evig aktuell sak

– Det er ei viktig sak og vi har diverre mobbing her også. Vi må vise at vi bryr oss om kvarandre og at Førde er ein god og trygg plass å bu, seier Wergeland.

Informasjon om hendinga kan du finne her.

Wergeland er klar over at ting skjer fort no, og at det ikkje er sikkert at alle har ein fakkel klar i kjellaren.

– Det er litt spontant det her, men folk får berre ta med seg det dei klarer. Kanskje dei lagar ein plakat? Det viktigaste er at dei møter, seier Wergeland.

Ordføraren stiller

Frå rådhuset skal toget gå gjennom sentrum sør. Over brua og tilbake langs elva forbi det gamle postbygget. Så er det over Bankbrua til Festplassen.

– Kva skal skje der?

– Det er det eg er i gang med å ordne no. Ordføraren skal halde tale og vi har ei lita markering. Så kan dei som vil bli igjen og borna kan leike ved klatreparken, seier ho.

Artikkeltags