Etterlyser 35-åring

Per-Arne Hestenes vart sist sett i området ved Øvresetkrysset natt til laurdag.

Per-Arne Hestenes vart sist sett i området ved Øvresetkrysset natt til laurdag.

Artikkelen er over 5 år gammel

Politiet etterlyser no 35 år gamle Per-Arne Hestenes

DEL

Han var sist sett natt til laurdag 8. november. Hestenes hadde då vore involvert i eit trafikkuhell ved øvresetkrysset i Breim.

Det har vore leita etter den etterlyste heile fredag med hundar og personell frå Røde Kors.

Hestenes er 174 cm høg, men det er ikkje kjent korleis han var kledd då har var borte, ifølgje politiet.

Dei oppfordrar dei som har tips å ringje politiet på telefon 02800.

Store mannskap leitar

Sidan fredag morgon har 26 mann frå Røde Kors og to hundar søkt i eit område mellom Øvrestsvingen på fv. 692 og E39 mot Reed, ifølgje operasjonssjef Per Rimmen.

– Det er der vi trur det sist har vore kontakt med den sakna, seier Rimmen.

Kontakten skal ha vore via telefon. Sidan har ingen korkje sett eller høyrt noko frå han.

Politiet antek at det var to personar i bilen som køyrde av vegen i Øvresetkrysset natt til laurdag.

– Den andre personen har vi snakka med og gjort dei tiltak som skal gjerast, seier Rimmen.

Finsøk

I morgontimane i dag starta Røde Kors med finsøk i området der hundar søkte torsdag kveld og fram til klokka 0100 natt til fredag.

– Det er også eit område som hundane ikkje fekk gjort ferdig før søket vart stoppa i natt. Dette tek hundane no, medan fotfolket følgjer etter, seier Rimmen.

I løpet av ettermiddagen blir ytterlegare to hundar sett inn i søket. Viss det ikkje blir gjort funn i dette området vl søkjeområdet bli utvida, ifølgje Rimmen

Artikkeltags