Etterforskar uvanleg dødsfall

Artikkelen er over 4 år gammel

Den døde er sendt til obduksjon, og rapporten kjem fredag.

DEL

Politiet i Sogn og Fjordane opplyser at dei like før klokka halv seks onsdag ettermiddag fekk melding frå helsepersonell som var på ein velferdsjekk, om at ein mann i 40-åra var funnen død.

Politiet melder vidare at på bakgrunn av opplysningar på adressa reiste politiet til staden. Dei gjer no nærare undersøkjingar både teknisk og taktisk.

Til obduksjon

Den døde er sendt til obduksjon, men sjølv om dødsfallet blir meldt som mistenkeleg, vil ikkje politiet slå fast at det dreiar seg om ei kriminell handling.

Dødsårsaka er ikkje klarlagt, og politiet skal så langt ikkje ha mistenkte i saka.

– Politiet har førebels ikkje noko nytt å fortelje ålmenta. Vi skal ha ei samling i morgontimane i dag der vi legg strategien for den vidare etterforskinga og fordeler arbeidsoppgåver, sa operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt til Firda i dag tidleg.

Frå «mistenkeleg» til «uvanleg»

Politioverbetjent Synnøve Domben fortel til Firda torsdag føremiddag at saka har samme ståstad som i går.

– Når ein 40-år gammal person døyr uventa, og utan vitner brukar vi i politiet «mistenkeleg dødsfall» som terminologi, og det er det vi må etterforske det som, seier Domben.

Ho fortel at saka står som den gjorde i går, men at poitiet utad no omtalar og ser dødsfallet som uvanleg, ikkje mistenkeleg.

Obduksjonsrapport på fredag

Ho fortel vidare at det til no ikkje ser ut som at det ikkje er noko kriminelt bak, men at dei framleis må etterforske saka, og gå gjennom dei tekniske og taktiske undersøkingane, før dei har eit endeleg svar på kva dødsårsaka er.

Domben fortel vidare at obduksjonsrapporten vil vere klar ein gang i løpet av fredag.

Artikkeltags