Er dette nye Førde?

FORSLAG: Slik kan Førde sentrum fortettast og gjerast til ein interessant by som trekkjer til seg menneske og næringsliv.   Bygga har ein tettleik som skal gje gode lysforhold i byen.

FORSLAG: Slik kan Førde sentrum fortettast og gjerast til ein interessant by som trekkjer til seg menneske og næringsliv. Bygga har ein tettleik som skal gje gode lysforhold i byen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Vurderer å opne for varierte byggehøgder og stor utbygging av bustader i bykjernen.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Dette er to av råda til arkitektfirmaa Mestres Wåge og Nordplan som har blitt engasjerte av kommunen for å sjå korleis Førde by kan styrkjast og fortettast.

Arkitektane har laga fire ulike volumstudiar av heile Førde sentrum, men også av tomta til Firda Billag og Elvegata vest. Dei kjem ikkje med konkrete forslag på takhøgder, men tilrår å opne for variert høgde innanfor kvar tomt. Fordelen vil vere skreddarsydde bygg og betre sikt og dagslysforhold, påpeikar arkitektane.

Interessant by

Dei har teke utgangspunkt i eit mest mogleg urbant sentrum med gateliv, rekreasjonsareal, handel, gode lystilhøve, god tilknyting og byromskvalitetar.

– Ei styrking av Førde sentrum som sosialt og regionalt senter med karakter kan gjere Førde til ein meir interessant by i framtida. Sterkare karakter kan gjere det lettare å trekkje til seg næringsinteresser, utdanningsinstitusjonar, offentleg forvaltning og kulturtilbod, skriv arkitektane som samtidig understrekar at folketalsveksten ikkje er så sterk at det ut frå dagens prognosar kan planleggjast for ein bonanza.

– Det er naudsynt å bruke den investeringsviljen som finst til å bygge byen, skriv dei.

Dei minner om at Førde er ein liten by og at investeringane sannsynlegvis vil skje over tid og stykkevis. Ein plan for fortetting bør difor kunne delast opp i fleire byggesteg.

Vil rive

Arkitektfirmaa peikar på at tomter som kan fortettast, er slike som i dag blir nytta til bakkeparkering, som er bygt med funksjonar som ikkje treng ligge i sentrum og tomter med utdatert bygningsmasse. Dei meiner meir ytterlegare fortetting kan skje ved riving av lågt utnytta tomter.

Den siste store, lågt utnytta tomta i Førde er Firda Billag, heiter det i rapporten som skissere fire moglege mønster for utbygging på billagstomta.

– Arealkrevjande oppstillingsplassar for buss og verkstad bør flyttast ut av sentrum slik at dette verdifulle arealet kan brukast som motor for urban utvikling av sentrum, skriv arkitektane.

Dei meiner byrommet langs elva, Langebrutorget og plassen ved Firda Billag er urbane byrom som bør vidareutviklast.

– Plassen ved Firda Billag, knutepunkt for offentleg transport, kan omkransast med serveringsstader, butikkar og bli møblert slik at dette blir eit meir variert og blanda byrom.

Mestres Wåge og Nordplan viser i skisser korleis grøntareal langs elva, hustak og felt i byen kan gje tilstrekkeleg med uteareal for ei tett buform i byen.

400 bustader

Parkering må leggjast inn i underetasjar i kvart prosjekt eller eigen parkeringshus. Det kan også vurderast parkeringsrekkjer langs vegane, og eitt eller fleire felles parkeringsanlegg for sentrum.

Basert på forventa vekst, vil Førde ha behov for rundt 1000 nye bustader dei neste 12–15 år. Dette svarar til 150.000 kvm og kan ikkje dekkast innanfor den indre sentrumskjernen. Men også ytre sentrum som Indre Øyrane er eigna for bustadbygging, meiner arkitektane.

Dei tilrår ei fortetting av sentrum som vil dekke 40 prosent av bustadbehovet i perioden. Det tilsvarar 400.

Ikkje berre ei høgd

Plan- og byggesjef Odd Harry Strømsli seier utgreiinga frå Mestres Wåge og Nordplan har gitt dei svar administrasjonen var ute etter, som kor høgt ein kan bygge i ulike delar av Førde sentrum.

– Vi skal dra ut essensen og det vi likar og legge det inn i forslag til føresegner og retningslinjer i arealplanen, seier Strømsli som reknar med at planen vil bli sendt på høyring i september/oktober.

Administrasjonen vil diskutere å foreslå eit tak på byggehøgd, men samtidig er det grenser for kor høgt ein kan bygge ut frå krav til parkering og uteareal som skal leggjast på ein eigedom.

– Og det er ikkje nødvendigvis slik at heile eigedommen skal ha éi høgde. Høgda kan variere, seier Strømsli.

Lys kan avgjere

Dei jobbar no med føresegnene, og ei føresegn kan til dømes vere:

– Bygg så høgt de vil, men lyset skal sleppe ned til første plan på motsett side av gata, i tillegg til andre krav. Difor er det ikkje sikkert at det er rett å setje tak på byggehøgda, seier Strømsli.

– Om samfunnsdelen i arealplanen skal følgast, må vi legge til rette for at ein stor del av bustadane kjem i sentrum. Med høge krav til parkering, uteareal og rekke må vi få ned terskelen slik at ein finn det rett å satse på sentrum som bustadområde, seier Strømsli.

Artikkeltags