Er aktive barn smartare? - 30 millionar skal brukast for å finne svaret

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

1200 femteklassingar i fylket skal vere med på eit to års forskingsprosjekt for å finne ut om born blir smartare av ein time fysisk aktivitet dagleg.

– Kan vi bevise at fysisk aktivitet betrar borna sine faglege prestasjonar, vil det kunne endre skular over heile verda, seier forskar Geir Kåre Resaland. No skal han bruke 30 millionar kroner på å finne svaret.

– Dette blir eit av verdas største forskingsprosjekt i sitt slag, seier forskar Geir Kåre Resaland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I går var han i Førde for å førebu prosjektet saman med rektorane ved dei fire største barneskulane.

Undersøker myte

– Eit emne som stadig vekk går att i internasjonal forskingslitteratur, er at det ser ut til at elevar som er i jamleg fysisk aktivitet ikkje berre trivst betre, men òg presterer betre fagleg enn andre. Men vendingane som går att, er at «det ser ut som» og «ting tyder på at» og så vidare. Det er ingen som har slege fast om det faktisk er slik, og det ville vi gjerne finne ut, seier Resaland.

Og det var det ikkje berre han som ville. Norges forskingsråd har gjeve Høgskulen 17 millionar kroner, dette har så løyst ut andre løyvingar, og til saman har han no eit budsjett på 30 millionar kroner til eit omfattande prosjekt:

– Dei fleste elevar fødde i 2004 her i fylket skal vere med, og vi skal halde på i to år. Det første året deler vi elevane inn i to grupper: Ei gruppe som ikkje får anna merksemd enn dei har brukt å gjere, og ei gruppe som skal gjennom 60 minutt fysisk aktivitet kvar einaste skuledag. Og så skal vi sjå.

Nasjonale prøvar

Elevane sine prestasjonar blir målt gjennom nasjonale prøvar i september, og for dette årskullet lagar Utdanningsdirektoratet eit nytt sett nasjonale prøvar som skal haldast i juni neste år, slik at ein kan sjå om elevane utviklar seg, og korleis dei fysisk aktive utviklar seg i høve til dei som ikkje er med på opplegget.

– Året etter får dei elevane som ikkje var med i første runde, tilbod om same opplegg. Med det er dette prosjektet mykje meir enn berre forsking, men òg eit utviklingsprosjekt. Tanken er å lage til ein ”fys-ak-modell” til alle skular som måtte ynskje det.

Internasjonal merksemd

– Dette får stor internasjonal merksemd. Vi er ti heiltidstilsette forskarar som jobbar med saka, og alt i alt er rundt 40 forskarar engasjert. Vi har med ei gruppe på 15 professorar frå fleire ulike land, av dei seks frå Idrettshøgskulen i Oslo. Men det er ikkje rart: Det med kva rolle fysisk aktivitet spelar i høve til trivsel og prestasjonar er eit veldig heitt emne i mange land, seier Resaland.

– Så no skal elevane misse undervising fordi du skal ha dei ut og springe?

– Nei. Dei skal ha 60 minutt fysisk aktivitet etter den såkalla ASK-modellen (Active, Smarter Kids). Det blir vanleg kroppsøving, og det blir fysisk aktivitet. Tanken er å flytte ein del av den undervisinga som no går føre seg i klasserommet, ut på skuleplassen. I staden for å sitje inne og pugge gongetabellen, skal dei vere ute og spele mattebingo.

Skal lære lærarane

– Er lærarane budde på dette?

– Dei vil bli det, då lærarane skal skulerast grundig. Det er faktisk ein av grunnane til at dette prosjektet kan gjerast her i Sogn og Fjordane, og det er kanskje ein av få fylke ein kunne gjort det i: Her i Sogn og Fjordane er eit veldig bra og tett samarbeid i skulesektoren.

Mange i fylket dreg i same retning, og blant anna Helse Førde bidreg tungt. Vidare har rektorar, skular og Høgskulen mange møtepunkt der dei held eit godt samarbeid, og det har gjort det mogleg å få mange skular i fylket til å dra saman om å få dette prosjektet i gang.

Kunne gjort det kvar dag

– Dette var kjekt. Dette kunne eg gjort kvar dag, seier ein sliten og andpusten Johannes Garshol etter mattebingoen.

Tredjeklassingane ved Slåtten skule spring som gale fram og tilbake i ballbingen. Først til eine enden for å hente ark med oppgåver, så tilbake for å svare og sende nestemann av garde. I 40 minutt spring elevane noko som nærmar seg intervalltrening - og likar det:

– Dette kunne vi hatt kvar einaste dag. Eg synest det er kjempemorosamt, seier Johannes Garshol. Klassekameratane hoiar med:

– Jaaaaa!

– Kva er det som er så kjekt med det?

– At vi får vere ute og vere i aktivitet.

– Ville du gjort det kvar dag, sjølv om det regna?

– Ja, sjølvsagt! Vi har no regnklede?

Artikkeltags