Gå til sidens hovedinnhold

Er 3312 underskrifter nok?

Artikkelen er over 11 år gammel

Det håper iallefall sjukehus-aksjonistane.

Utspelet frå Lærdal- ordførar Arve Sanden om at dei vil gi avkall på føden mot å få behalde ortopedien, fekk fart i sogningane.

Helse Førde styreleiar Clara Øberg har fått overlevert 3312 underskrifter for bevaring av føden i Lærdal. To unge damer frå Sogn står bak kampanjen som dei håper kan

overbevise Helse Førde- styret.

Bente Øien Hauge, som står i front for å behalde fødetilbodet, følgjer styremøtet som går føre seg onsdag frå 09.00 og utover dagen.