– Eg ser først og fremst på det som ei ære at vi er representert på messa, seier dagleg leiar Åge Eitungjerde til Firda.
I går klargjorde han to pallar med tilsaman 360 flasker med eplesaft frå det vesle safteriet i Balestrand for turen nedover til Tyskland.
Matmessa "Grüne Woche" i Berlin varer frå 19.-28.januar, og blant dei som skal vere til stades frå Norge er landbruksdepartementet, med landbruksminister Bjarne Håkon Hanssen i spissen.
–Norge skal vise fram ulike gardsmat-produkt, såkalla nisje-produkt, på messa, og safta frå Balholm Safteri blir velkomstdrinken til dei som kjem og besøker den norske utstillinga, fortel Eitungjerde.
– Korleis har de seg at produkta dykkar hamnar på denne messa?
– Det har nok med å gjere at produktet vårt har vore representert på den gamle skysstasjonen på Fausko i Hemsedal, og han som driv denne - Knut Fausko – har vore med i komitéen som skulle velgje ut dei norske produkta til matmessa.