– Enormt letta

Gunhild Berge Stang kjenner seg sikker på at no har ikkje regjeringa anna val enn å seie nei til sjødeponi ved Engebø i Førdefjorden.

Gunhild Berge Stang kjenner seg sikker på at no har ikkje regjeringa anna val enn å seie nei til sjødeponi ved Engebø i Førdefjorden. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Då eg høyrde nyhenda i dag tidleg kjende eg ei enorm lette. Eg tenkte at nok kan ikkje regjeringa oversjå den kunnskapen dei har sagt dei skal bygge avgjerda si på, seier leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunnhild Berge Stang.

– Det var din første tanke. Men trur du på det når du no har fått tenkt deg om?

– Ja, eg vel å gjere det. Regjeringa har heile tida sagt at avgjerda skal vere kunnskapsbasert. Når dei to fagdirektorata, Fiskeridirektoratet, som kom med si innstillinga si for to veker sidan, og no Miljødirektoratet, seier nei, så ser ikkje eg at departementet kan seie noko anna, seier Berge Stang.

Ho legg til at visst regjeringa ikkje meinte noko med at avgjerda skulle vere kunnskapsbasert, så kunne dei spart seg alle undersøkingane.

– Det kan ikkje vere slik at kunnskapen berre skal takast omsyn til om den viser det du vil den skal vise. Visst regjeringa no går inn for sjødeponi, så er det akkurat det dei gjer. Og det er useriøst, slår Berge Stang fast.

Næring mot næring

Berge Stang legg til at det her er snakk om næring mot næring, ikkje berre miljø mot næring.

– Fiskeri er ei stor næring i Førdefjorden. Det er ikkje berre nokre hobbyfiskarar som blir råka. Det er mellom anna svært mange arbeidsplassar og stor verdiskaping innanfor fiskeoppdrett i fjorden. Den næringa vil bli hardt råka om det blir gruvedeponi, det peikar næringane sjølv på, seier Berge Stang.

Kven skal ein tru på?

Berge Stang ser at det har vore mange ulike rapportar og konklusjonar i saka, og at det kan vere vanskeleg å vite kven ein skal tru på i denne saka.

– Men det å hente inn kunnskap er ein prosess, og då kan det komme fram ulik informasjon undervegs. Det viktige no er at vi har fått endelege konklusjonar frå fagleg hald. Då er er det dei vi må forhalde oss til. Men no meiner eg det er klart. Når både Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet, som begge er departementa sine faginstansar, seier nei, så bør den saka vere klar, seier Berge Stang.

Ho er også kritisk til at konsekvensutgreiinga som låg til grunn då lokalpolitikarane tok sine avgjerder, har vist seg å ikkje halde mål.

– Det blir heilt feil når det ikkje vert gjort tilleggsundersøkingar før saka kjem heilt til høgste hald. Då har ikkje lokaldemokratiet moglegheita til å verke som det skal, seier Berge Stang.

Artikkeltags