Endeleg kan Kristin smile

Kristin Søilen vil at kafeen hennar skal vere ein heimekoseleg stad der folk kan slappe av med god mat. - Eg har alltid vore veldig glad i å lage mat og få den til å sjå god ut. Det er viktig. Og så likar eg folk, så då er kafèdrift ein ganske god ting for meg, smiler 34- åringen.

Kristin Søilen vil at kafeen hennar skal vere ein heimekoseleg stad der folk kan slappe av med god mat. - Eg har alltid vore veldig glad i å lage mat og få den til å sjå god ut. Det er viktig. Og så likar eg folk, så då er kafèdrift ein ganske god ting for meg, smiler 34- åringen. (Foto: )

Sjukdom, operasjonar og angst har vore ein del av kampen fram mot målet: Nemleg å opne sin eigen kafè.

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Draumen har ho hatt i mange år, men vegen fram til helgas kaféopning har vore prega av sjukdom, smerte og angst.

Opna kafè i pinsa

– Jo då, no har altså steikeomnen bestemt seg for å streike. Det fant eg nettopp ut, for kyllingane er framleis like rå som for ein time sidan.

Kristin Søilen (34) kjem litt stressa, men aller mest smilande ut frå kjøkkenet og ut i det turkise og kvite kafélokalet til Påfyll Jølster.

Kvelden før var det oppvaskmaskina som streika, men no ser det i alle fall ut til at det meste er under kontroll. Og godt er det, for i dag er det nemleg opningsdag for kafeen i bygdas gamle butikklokale.

Økologisk og kortreist mat

Rundt oss i det fargesterke lokalet nyt folk is, kaffi og sandwich. På komfyren står lammegryter på kok og i kveld er det klart for pubkveld.

– No har det gått i eitt sidan 07.00 i dag tidleg, og fem minutt før opninga var eg dødstrøytt. Men når vi så opna dørene, fekk eg ein veldig energi! Det er så kjekt dette her – det er så veldig meg! smiler Søilen som i hovudsak serverer økologisk og kortreist mat. Mykje av maten er også utan mjølk slik at dei med intoleranse kan finne seg noko godt å ete her.

Sjuk i mange år

Vegen fram mot opningsdagen har ikkje berre vore oppussingsarbeid og mykje anna. Det har først og fremst vore ein lang og tøff kamp som starta då 34-åringen fekk førstemann Kristoffer for 12 år sidan. Mageproblema og smertene etter fødselen synte seg å vere betennelsesjukdom i tarmen. Til slutt enda det med at tjukktarmen blei operert vekk og ho fekk utlagt tarm.

– Og det var eg berre glad for, for eg hadde nemleg hatt veldig mykje smerter. Eg var berre letta eg slapp å ha vondt meir.

Men sjølv om dei fysiske smertene begynte å gå over, så kom etter kvart angsten snikande.

– Særleg i graviditeten med yngstejenta var det særleg tungt. Eg hugsar eg sat i senga mi og stira nærast apatisk ut av vindauget. Det var tungt.

Klump i halsen

Søilen skjønte fort at tradisjonell medisin ikkje var noko for henne. Ho starta difor å lese seg opp på alternativ behandling og har fått god hjelp av kinesiologi.

– Å tenke seg frisk og snu negative tankar til det positive har hjelpt meg til å bli frisk utan medisinar, seier Søilen.

Ho synest det er viktig å vere open om det ho har slite med. Ho vil etter kvart hente inn foredragshaldarar som kan halde kurs i kafeen, og ho vil også dele sine eigne erfaringar.

– Alt det eg har opplevd har i grunnen vore positivt, for det har gjort meg til den eg er i dag. Heile tida har eg jobba fram mot målet mitt om å opne min eigen kafé og no er eg altså her i dag. Så det ligg ein liten klump i halsen no ... no får eg berre passe på at eg ikkje tek til å tute her framfor kundane mine. Det hadde nok ikkje tatt seg heilt ut, ler Kristin Søilen.

Artikkeltags