Som første kommune i landet, har Høyanger kommune fått ei føretaksstraff på 100.000 kroner for å ha brote Opplæringslova.
Det var under Rådmannens orientering under gårdagens kommunestyremøte i Høyanger at rådmann Arve Varden orienterte om at kommunen har fått ei bot på 100.000 kroner.
Langvarig mobbing
I februar 2013 og i november 2013 vart Høyanger kommune meldt til politiet av foreldra til to elevar ved Høyanger skule. Foreldra meier at kommunen ikkje i tilstrekkeleg grad har følgd opp elevane som etter foreldras syn har vore utsette for langvarig psykisk og fysisk mobbing.
Les også: Melder skulen til politiet etter langvarig mobbing.
Saka frå februar 2013 vart etterforska ved Høyanger Lensmannskontor, men politiadvokaten la vekk saka mellom anna fordi ho meinte det ikkje hadde skjedd noko straffbart. Familien anka politiadvokatens avgjerd til Statsadvokaten som gav ordre om ny etterforsking.
Etterforska under eitt
Då familien til den andre eleven melde kommunen til politiet i september, vart begge sakene etterforska under eitt av Høyanger lensmannskontor, sidan begge elevane går i same klasse på Høyanger skule. No har politimeisteren i Sogn og Fjordane avgjort at Høyanger kommune har brote lova i begge desse sakene.
Dømt for to lovbrot
Høyanger kommune får bota på 100.000 kroner for å ha brote to punkt i Opplæringslova. For ikkje å ha sett inn tilstrekkelege tiltak for å hindre nye hendingar, trass i at leiinga og tilsette ved Høyanger skule kjende til mobbinga. Og for ikkje å ha gjort einskildvedtak slik opplæringslova pålegg skuleleiinga.
Les også: Mor melder kommunen til politiet
I grunngjevinga for bota nemner politiet hendingar der ein elev har blitt halden under vatn til han mista pusten, fått hovudet dunka i ein vegg, fått drapstrugsmål, og blitt angripen med kniv av ein medelev i skuletida.
Ber om orsaking
– Eg ber foreldra og elevane dette gjeld om orsaking dersom dei ikkje har hatt gode opplevingar i kontakten med Høyanger skule, og dersom dei ikkje har fått den omsorg og oppfølging som dei har krav på, seier Høyanger-rådmann Arve Varden til Firda.
Varden er tydeleg på at han ønskjer at kommunen snarast mogleg skal komme seg vidare, og ta vare på ungane på ein god måte.
– Å få ei så stor bot skjerpar oss og syner at prosessen vi starta i fjor haust med å få på plass eit betre system for å handtere slike situasjonar og hendingar var heilt nødvendig, seier Varden.
Høyanger kommune har 5 dagar på å avgjere om dei godtek bota, men kan søkje om lenger svarfrist.
Dette har ikkje skjedd før
– Det er heilt unikt at ein kommune får ei bot for brot på opplæringslova, seier advokat Snorre Sæveraas.
Sæveraas, som er advokat for familien til ein elevane i mobbesaka ved Høyanger skule, seier at denne saka er heilt unik, og at han ikkje kjenner til at det har skjedd før at ein norsk kommune har fått bot for brot på opplæringslova. Sæveraas seier at han mellom anna har sjekka Lovdata og nettet, utan å finne noko.
– Kjem foreldra til å krevje erstatning?
– Førebels er eg berre orientert om avgjerda i saka, og eg har ikkje drøfta ei eventuell vidare oppfølging, seier Sæveraas som likevel ikkje avviser at det kan vere aktuelt å vurdere erstatningssøksmål mot Høyanger kommune.
– Kva kommentar har du til at politiet først la saka vekk?
– Eg har ingen annan kommentar til det enn at kommunen neppe hadde fått denne bota dersom foreldra ikkje hadde klaga saka inn til Statsadvokaten, seier Sæveraas som trur at bota i mobbesaka i Høyanger kan opne opp for liknande reaksjonar i liknande saker andre stader.