Eldre mann alvorleg skadd

Artikkelen er over 6 år gammel

Fann livlaus person i vatnet ved badestrand.

DEL

Klokka eitt fekk politiet melding om at ein person er funnen livlaus i vatnet ved ei badestrand i Hundvik i Eid kommune.

Mannen er i 80-åra og det vart gjennomført gjenoppliving på stranda fram til naudetatane kom til staden.

Alle naudetatane rykte ut, og mannen vart frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. Tilstanden til mannen var då kritisk.

Helse Førde opplyser at mannen no er innlagd på intensiv avdeling. Tilstanden er alvorleg, men stabil.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken