Ekskona fann barneporno på pc

Advokat Louis Anda er forsvarar for rektoren som er tiltalt.

Advokat Louis Anda er forsvarar for rektoren som er tiltalt. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Den tiltalte rektoren sa seg ikkje skuldig i tingretten.

DEL

Måndag starta rettssaka i Sogn tingrett mot ein rektor frå Sogn som er tiltalt for å ha lasta ned 350 overgrepsbilete og to filmar.

Den tiltalte sa seg ikkje skuldig i tingretten måndag.

Saka starta i mars 2010, då ekskona til rektoren overleverte ein pc til politiet med barnepornografisk innhald.

Paret hadde då vore separerte sidan hausten 2009.

Beslagla fire maskiner til
- Eg såg det som mi plikt å våge å melde frå om noko som eg hadde mistanke om kunne vere bilete av overgrep mot born. Eg fekk ei ubehageleg kjensle over ord vi fann som kunne tyde på at det var snakk om barneporno. Då var det ikkje noko å lure på, sa ekskona under vitneavhøyret måndag, skriv Sogn Avis.

Undersøkinga av maskina viste at det var fleire bilete som kunne vere ulovlege, og at dei var der som følgje av internettbruk, opplyste aktor Knut Broberg.

Etter ei ransaking i bustaden og på arbeidsplassen tok politiet beslag i fire maskiner til, der det vart gjort funn av ulike mengder materiale. Mykje av det er lovleg, men noko er også ulovleg.

Antyda komplott
Forsvarar Louis Anda viste til at pc-ar som stod i bustaden var brukt av mange, og la også vekt på at det hadde vore eit svært konfliktfylt samlivsbrot mellom tiltalte og den tidlegare ektefella.

Anda slo fast at den tiltalte rektoren ikkje hadde hatt noko å gjere med nokre av bileta i dokumentasjonen frå aktoratet, og antyda at det nærast var snakk om eit komplott mot tiltalte.

I retten kom det også til overflata ein bitter strid om barnefordelinga for dei tre borna til tiltalte og ekskona. Ho vil ha eineomsorg for borna, og denne saka blir avgjort etter utfallet av saka dei no er midt oppe i.

- Det er vel eigentleg det dette handlar om, sa tiltalte i retten på måndag, skriv Sogn Avis.

Artikkeltags