– Eit av dei største oppdraga vi har hatt

Solund Verft har brukt to år på å bygge fiskebåten «Vesterhav» for reiarlaget med same namn i Bulandet. Kontrakten på båten er verd 85 millionar.

Solund Verft har brukt to år på å bygge fiskebåten «Vesterhav» for reiarlaget med same namn i Bulandet. Kontrakten på båten er verd 85 millionar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Neste veke skal Solund Verft levere frå seg fiskebåten «Vesterhav».

DEL

Den har verftet bygd på oppdrag for eit lokalt reiarlag, «Vesterhav AS», som held til på Bulandet.

– Vi inngjekk denne kontrakten for to år sidan, og no er båten endeleg ferdig. Vi leverer den frå oss i midten av neste veke, seier Svein-Tore Eide, dagleg leiar i Solund Verft, nøgd.

Han fortel at kontrakten med Vesterhav AS er verd cirka 85 millionar kroner.

Båten «Vesterhav» er ein 38 meter lang snurpar- og snurrevadbåt. Skroget på båten er levert frå Riga Shipyard i Latvia, men elles har nesten alle underleverandørane lokal tilknyting og adresse i Sogn og Fjordane.

Topp moderne

Ifølgje Eide er det sjeldan Solund Verft bygger båtar som Vesterhav.

– Dette er eit nybygg, og eit av dei største oppdraga vi har hatt til no. Det er det fordi «Vesterhav» er ein topp moderne fiskebåt av sitt slag. Då vert arbeidet veldig omfattande. Det meste på båten er veldig avansert, mellom anna fiske- og navigasjonsutstyr, seier han, og legg til:

– Frå før av har vi berre levert frå oss éin liknande fiskebåt i år, den kombinerte snurpar-, snurrevad- og garnbåten «Sulebas».

I likskap med Vesterhav er også denne 38 meter lang, og stod ferdig i mars på oppdrag frå Lending Rederi. Den gong omtalte Eide denne kontrakten som "det viktigaste som hadde skjedd reiarlagsnæringa i Solund og Askvoll i nyare tid". Kontrakten hadde ein verdi på 90- 100 millionar.

Seacon AS Måløy var dei som designa Sulebas, og dei har òg designa den nyaste båten.

Håper på nye kontraktar

Vesterhav vert døypt på Bulandet 16. august.

– Det skal skje på ein ganske stor seremoni, dette vert ein stor dag for folk i Bulandet, seier Eide. Han har håp om at det ferdigstilte oppdraget kan føre til nye kontraktar med andre reiarlag.

– Eg har ein viss forventning til det. Men vi inngår nok ikkje nokon nye kontraktar med Vesterhav AS som følge av denne kontrakten, for det er nok mange år til dei treng ein ny båt av denne typen, seier han.

Framover er det ikkje båtbygging som står på oppdragslista til Solund Verft.

– Vi har ikkje teikna nokon fleire nybyggskontraktar no, så framover skal vi jobbe med det vi gjer mest av; reparasjon og vedlikehald, seier Eide.

Han fortel at arbeidet med båten generelt har gått ganske bra.

– Men vi hadde litt utfordringar med skroget, fordi det kom ganske forsinka frå Latvia. Heldigvis har vi greidd å jobbe inn det meste av denne forseinkinga.

– Berre positivt

Vertfleiaren er svært nøgd med at det er firma frå Sogn og Fjordane som har levert dei fleste komponentane til Vesterhav.

– Det er berre positivt, og er med på å bygge opp kompetansen i nærmiljøet. Firma frå omtrent heile fylket har bidrege, frå nord til sør, seier Eide og smiler.

Artikkeltags