Ein 85 år gammal mann vart send med luftambulanse til Førde sentralsjukehus kl. 15.00 etter ein bilkollisjon på Rv 5 ved Eikefjord. Mannen er lettare skadd og gått på intensivavdelinga. Føraren av den andre bilen, ein mann i førtiåra, skal ha blitt send til sjukehus for sjekk.

Vitne på staden har forklart at to bilar har kollidert front mot front. Den eine skal ha hatt liten eller ingen fart i samanstøyten.

Det er passering for trafikk på skadestaden.

Det har falle nysnø i løpet av dagen.