- Ein svært dårleg spøk

Dette sporet vart oppdaga på Lunde i Gaular onsdag kveld. Først vart det slått fast at det er eit bjørnespor, men no meiner ekspert det er god grunn til å tvile.

Dette sporet vart oppdaga på Lunde i Gaular onsdag kveld. Først vart det slått fast at det er eit bjørnespor, men no meiner ekspert det er god grunn til å tvile. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Falske bjørnespor skapte stor frykt og lurte jaktlaget som leitar etter bjørnen.

DEL

To veninner vart livredde då dei onsdag kveld kom over det som såg ut som ekte bjørnespor på ei turløype på Lunde i Gaular.

Basert på eit MMS-foto slo bjørnejeger Finn Olav Myhren fast at det var spor av bjørn.

- Då eg sa at det var ein sikker observasjon, var det med utgangspunkt i eit dårleg mms-foto. Der såg det ut som eit ekte bjørnespor, seier Myhren.

Stor flid

Etter å ha vore på staden og undersøkt spora nøye, kan han no slå fast at dei er falske.

- Vi har undersøkt spora nøye, og kan no slå heilt sikkert fast at dei er falske. Her er det menneske som står bak, og nokon har lagt stor flid i å lage eit bjørnespor som ser ekte ut, seier Myhren, som leiar fellingslaget som jaktar på bjørnen i Sunnfjord.

Han fortel at spora avslører seg som falske ved at dei manglar innoversving og det er for kort avstand mellom klør og tåpute.

- Elles er spora like lange og breie som hos ein ungbjørn, som er den type bjørn vi reknar med har vore på ferde i Sunnfjord, seier Myhren.

Frustrert over dårleg spøk

- Dette er ein svært dårleg spøk. Eg blir frustrert over dette her, seier Myhren.

Han synest det er ille at nokon nører opp under den bjørnefrykten som er i området for tida, og har skremt dei som kom over dei falske spora.

- I tillegg har vi brukt ein del timar på å handtere dette seriøst. Det er synd, for vi kunne brukt tida på andre ting, seier Myhren.

Han har vore i kontakt med sporekspertar hos Statens naturoppsyn, som har sett bilete av sporet på Lunde på firda.no.

Også dei sler fast at sporet er humbug.

Trur bjørnen er i fylket

Fellingslaget som jaktar på bjørnen i Sunnfjord ventar på tips om ekte, ferske spor før dei kan gå vidare med jakta.

Myhren påpeiker at det er seks dagar sidan dei siste sikre observasjonane, og seier bjørnen teoretisk sett kan vere kvar som helst i fylket no. Den kan også ha vandra vidare til eit anna fylke.

- Men eg har tru på at den kan vere i Sogn og Fjordane, seier Myhren.

Han oppmodar bønder som har sauer på fjellet om å ta seg ein tur i området for å sjå etter unormal framferd hos sauene eller eventuelle spor etter bjørn.

Kva synest du om denne spøken? Sei di meining.

Artikkeltags