- Ein av dei beste i bedrifta dei siste 20 åra

Tekst til bilete (1): 

Torjus Pettersen Nordheim, som jobbar hos Åsen & Øvrelid, var mellom vinnarane i kåringa av «Årets lærling».

Tekst til bilete (1): Torjus Pettersen Nordheim, som jobbar hos Åsen & Øvrelid, var mellom vinnarane i kåringa av «Årets lærling». Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

- Er kåra til årets lærlng i tømrarfaget

DEL

Torjus Pettersen Nordheim (20) frå Førde er kåra til «Årets lærling» innan tømrarfaget, går det fram av ei pressemelding får Entreprenørforeningen Bygg – Anlegg, Vestenfjelske avd.

Pettersen Nordheim har teke den praktiske delen av utdanninga si hos Åsen & Øvrelid i Førde og fekk fagbrevet sitt i juni i år.

Kåringa av «Årets lærling» er gjort mellom 290 lærlingar i entreprenørbransjen i Hordaland og Sogn og Fjordane. Pen Say Poe frå Meland var best i betongfaget og best totalt, medan Torjus Pettersen Nordheim vart nest best totalt saman med Kristin Haustveit frå Ullensvang.

Positiv person

Torjus Pettersen Nordheim fekk eit diplom og ein sjekk på 5.000 kronar. Tildelinga vart gjort av Svein Erik Røskeland frå fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune på eit arrangement i EBA Vestenfjelske i Bergen.

I grunngjevinga for prisen til Torjus Pettersen Nordheim sa han mellom anna at Torjus er «ein positiv person med god forståing for faget». At han ikkje har hatt fråvær og har gode haldningar til HMS talde også med i vurderinga, går det fram av pressemeldinga

Det er verksemdene som nominerar dei beste kandidatane til tevlinga om å verte «Årets lærling». Verksemda vurderar kandidaten sine kvalifikasjonar i høve til ni kriterier.

«Ein av dei beste i Åsen & Øvrelid»

Ein jury med representantar frå BYGGOPP i Hordaland og Sogn og Fjordane, fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune og Fellesforbundet tek den endelege avgjerda. Frå arbeidsgjevaren, Åsen & Øvrelid, vart Torjus halde fram som ein av dei beste lærlingane verksemda har hatt dei siste 20 åra.

- Eg er takksam og glad for vurderinga og prisen, seier Torjus Pettersen Nordheim, som no jobbar på eit prosjekt på rådhuset i Førde for Åsen & Øvrelid. Han har planar om vidareutdanning i bygg og anlegg.

Takkar verksemdene

- Vi vil takke verksemdene som gjer ein særs god jobb med å gi lærlingar praktisk trening i fagutdanninga, seier Nils Arne Ødegård, opplæringsleiar for BYGGOPP i Sogn og Fjordane. BYGGOPP legg til rette for opplæring innan bygg- og anleggsteknikkfaga og fylgjer opp lærlingane. BYGGOPP har 139 medlemsverksemder i Sogn og Fjordane.

Artikkeltags