– Ei trygg miljøløysing

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Nordic Mining har sendt ut pressemelding, etter at tilleggsutgreiingane no er klare. Selskapet vart pålagt å gjere fem tilleggsutgreiingar for partikkelspreiing, biologiske undersøkingar, teknisk plan for deponering, bore- og sprengingsmønster og tilførsel av ferskvatn.

Firda har førebels ikkje fått sjølve rapporten.

– Vi er nøgde med at dei omfattande tilleggsundersøkingane er avslutta og rapportert. Vi har lagt fram eit solid grunnlag for å ta ei avgjerd. Slik vi ser det, viser undersøkingane at sjødeponiet er ei trygg løysing for miljøet, seier Ivar Fossum, direktør i Nordic Mining, i ei pressemelding.

Spreiing av partiklar

Ifølge Nordic Mining, viser simuleringa som SINTEF har gjort, at partiklane i hovudsak vil legge seg innanfor det planlagde deponiet. Det kan førekomme spreiing av partiklar, men dette skal berre vere i låge konsentrasjonar.

Det er også gjort simuleringar for 25 og 50 år med drift. Desse viser at lekkasjen av partiklar er venta å auke noko, men at det framleis vil vere snakk om låge konsentrasjonar.

Liv i fjorden

Det er gjort opptak med ROV på havbotnen. Ifølge Nordic Mining, bekreftar opptaka at det er mudderbotn. Det vart ikkje registrert djupvasskorallar eller andre sjeldne artar. Det skal vere få artar og få individ.

Ål vart berre fanga på grunt vatn, ned til 20 meters djup. Undersøkingane gav ingen teikn at torsk gyter innanfor grensene til deponiområdet, men det vart funne fiskeegg frå lange.

Les også:

DNV GL har, basert på simuleringa av partikkelspreiing og dei biologiske undersøkingane, konkludert med at konsekvensane for livet i havet, i hovudsak vil gå ut over botndyr. Konsekvensane for fisk er venta å vere små innanfor deponiet, og dei går ut frå at fisken kan nytte tilgrensande område.

Plan for deponering

Det skal no vere laga detaljerte skildringar av deponeringssystemet. Dette skal inkludere tekniske løysingar og sikringsrutinar. Det er også skildra moglegheiter for å gjere grep med deponiløysinga over tid. Til dømes tilbakefylling. Detaljane står i rapporten og er førebels ikkje offentleggjorde.

Bore- og spreiingsmønster

DNV GL har utarbeidd ein rapport basert på erfaringar frå andre verksemder og konkluderer med at det ikkje finst dokumenterte negative effektar på nasjonale laksefjordar, oppdrettsanlegg eller liknande verksemd, som følge av støy frå sprenging.

Tilførsel av ferskvatn

Det er undersøkt tre alternativ for ferskvasstilførsel. Det mest sannsynlege skal vere røyrleidning frå Skorvenvassdraget i Askvoll eller tunnel frå Svardalsvassdraget i Flora. Vasstilførselen må utgreiast og søkast om for seg sjølv.

Artikkeltags