Ei stygg motorsykkeulykke fekk Rune Furelid til å endre kurs i livet. No målar han skalla menn som røyker.

? Eg har fanga angst i dette bildet. Det berre skjedde. Det er eit humoristisk bilde og eg ler når eg ser det. Plutseleg dukka det opp ein fyr i bakgrunnen. Eg planlegg aldri bilda, dei blir til under vegs, seier Furelid.

? Eg har fanga angst i dette bildet. Det berre skjedde. Det er eit humoristisk bilde og eg ler når eg ser det. Plutseleg dukka det opp ein fyr i bakgrunnen. Eg planlegg aldri bilda, dei blir til under vegs, seier Furelid. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Han står i atelieret sitt heime i andre etasje i huset på Sæla i Naustdal, med ein pensel i handa og eit lerret framfor seg. På Pikant i Førde heng dei fargesterke måleria hans på rekke og rad. Litt bortanfor på Galleri Sør Rammeriet går bilda hans unna som varmt kveitebrød.

– Eg snubla sidelengs, tilfeldig inn i dette. No kallar folk meg kunstnar og det er uvant. Eg berre malar eg og held på med det eg likar, seier Rune Furelid.

Ulykka planta eit frø

Det var ikkje gitt at 36-åringen frå Førde skulle sitje her i dag som målar. På vegen hit har det vore nokre svingar. I 2003 frontkolliderte Furelid på motorsykkel med ein bil på Hornnes. Bak kom bestekompisen som fekk bensintanken til Furelid fykande på seg. Både kompisen og bilføraren kom relativt greitt frå ulykka. Det gjekk verst utover Furelid som blei slengt 30 meter frå motorsykkelen. Det resulterte i ein månad i koma, eit år på sjukehus og lamming i begge beina. Heldigvis fekk han sjansen til å lære å gå på ny.

– Det er bra det gjekk verst ut over meg sjølv. Ein har ikkje vondt av å skade seg så lenge ein overlever. Dei rundt meg seier at eg er blitt eit betre menneske etter ulykka. Den planta eit frø i meg som gjorde at eg tok kursendring tidlegare i livet enn eg ville ha gjort elles. Eg minnast at eg sat i rullestol i ein kjellar på Sunnaas sjukehus og såg eg livet mitt utanfrå. Det fekk meg til å tenke, seier Furelid.

Han fortel at han ikkje klarte å gjere endringa med ein gong, men at ulykka sette i gong ein prosess.

– Då eg kom tilbake og skulle tene pengar og jobbe hadde eg heile tida eit spørsmål inni meg: Kvifor held eg på med dette? Skal det ikkje vere noko meir? Eg trivast ikkje med å halde på sånn. Eg måtte ha noko nært og ekte rundt meg.

Han utdanna seg marknadsøkonom ved BI og jobba nokre år med eigedom og som seljar. Tente gode pengar og investerte. Planen var å gå i faren sine fotspor.

– Eg har fått inn med teskei korleis du skal drive business, men det var ikkje noko for meg. Eg klarte det ikkje.

Furelid fann ut at han måtte finne noko å arbeide med som gjorde han godt.

Kreativt springbrett

Han starta på regi på privatskulen Noroff i Bergen for å lære meir om film og historieforteljing.

– Det blei eit springbrett. Eg visste ikkje kva eg ville bruke det til, men eg møtte masse kreative folk.

Etter to år der søkte Furelid på Den norske filmskolen på Høgskolen i Lillehammer og kom inn på manusforfattarlinja. Der møtte han endå fleire kreative sjeler. Her målte Furelid sitt første bilde. Då den eine grunnleggjaren av skulen skulle slutte ville dei at nokon skulle måle eit portrett av han.

– Eg tenkte «ja ja, eg kan no prøve». Så målte eg fem portrett av han før eg kunne sei at det likna og eg var nøgd. Då måtte eg gje meg så bildet kunne tørke til utstillinga. Det vart faktisk ganske greitt, fortel Furelid om starten.

Under studiane heldt han fram med å måle som ei avkopling til skrivinga. Blant anna kopierte han ivrig Frits Thaulow sine bilde på Lillehammer kunstmuseum.

– Det er som meditasjon, du står i ni timar utan å drikke eller blunke, du har eit album på full guffe i bakgrunnen utan at du har lagt merke til at det er der ein gong. Då veit du at det du held på med er riktig.

Sjølvlært kunstnar

Etter fem år med filmutdanning kjende han seg utsliten. Medan medstudentane gjekk frå skulebenken til å skrive på Lillyhammer, flytta Furelid heim i 2012.

– Eg måtte ha ein pause. Eg hadde ikkje orka å flytte til Oslo og begynne med det sirkuset der. Eg var ferdig. Det blei rekreasjonstid i Førde.

Han kjøpte hus på Sæla og gjorde naustedøling av seg. Etter kvart starta det å klø i fingrane. No hadde han endeleg tid til å måle. Dermed tok han fram bøkene. Han studerte Nerdrum, Caravaggio og Rembrandt nøye for å lære seg handverket og teknikken. Bildekunstnaren er sjølvlært.

– Eg er litt redd for å øydelegge den sinnssjuke interessa og nysgjerrigheita som driv meg i målinga. Nysgjerrigheita er navigatøren min, når eg får følge den lagar eg bilde heile tida og er aktiv, seier Furelid som likevel ikkje utelukkar at han kanskje vil utdanne seg vidare innan måling seinare.

Det er fortida som seljar og leigeinntekter frå eigedom som gjer at Furelid kan bruke all si tid på bildekunsten.

– Det er jo litt usmakeleg å vere kapitalist og kunstar. Eg har eit veldig avslappa forhold til pengar. Så lenge eg har akkurat nok til å drive med det eg likar. No er eg der eg skal vere i livet. Ikkje fordi eg tener mykje, for det gjer eg ikkje. Eg har ei elendig årslønn, men eg får drive med det eg har lyst til og det gir utruleg mykje glede.

Skalla menn som røyker

Bilda hans er varierte i motiv og farge. Furelid har klare tankar om kva element som skal vere på plass.

– Sanninga er at når eg malar eit måleri må det vere eit abstrakt element i det. Sjåaren må få tolke nokre element sjølv, fordi då vert han aktiv og då investerer han kjensler og er med å lage bildet. Det blir meir personleg. Du skal alltid ta vekk den viktigaste scena i ein film, så publikum lagar historia i hovudet sjølv. Det har eg frå filmen. Det er sånn eg malar.

Den første serien han lagde var av skalla menn som røykte. Nokre skalla menn trudde Furelid gjorde narr av dei.

– Det gjorde eg sjølvsagt ikkje. Det var fordi refleksjonen i hovudbotnen deira var så kjekk å leike med. Hadde dei hatt hår kunne eg ikkje gjort det, seier Furelid med glimt i auget.

Så vart han lei menn, eller i alle fall skalla menn, og starta på ein kvinneserie. No målar han helst bilde der det er vanskeleg for sjåaren å avgjere kjønnet.

– Eg har aldri ein plan når eg startar. Ofte står eg med ryggen til lerretet og grisar det til med penselen. Så går eg fem meter vekk og ser og lurer på kva eg finn. Nesten alltid dukkar det opp noko. Ein hals eller eit auge. Eg leitar etter noko ekte. Eit uttrykk eg trur på. Eg fortel historier gjennom intime skildringar av menneske.

Drøymer om kulturfest

I vår tok Pikant kontakt med Furelid og lurte på om han ville stille ut bilda sine der. No er heile serien seld, og nye bilde er komme opp. Omtrent samstundes blei han spurt om han ville vere kunstlærar på Førde barneskule. Resultatet blei i ei utstilling av sjuandeklassingane sine eigne verk på Pikant. Undervisninga gav meirsmak.

– Det var fantastisk. Ungar har ikkje «eg kan ikkje» eller «eg får ikkje til»-innstillinga. Dei berre hiv seg ut i det, det er då magien oppstår. Ungar er søkjande, opne og nysgjerrige. Det kan mange vaksne ta lærdom av, seier Furelid som drøymer om å lage ein barnekulturfestival på sikt.

Det er omtrent det einaste han faktisk planlegg, i tillegg til at han snart skal bgeynne å lage film igjen. Elles lever han i dag.

– Eg tenker at i morgon skal eg stå opp. Og så skal eg male. Trur eg. Eg tenker ikkje så mykje på gårsdagen eller morgondagen, men at kvar dag er eit liv. Eg gjer som regel det eg har lyst til og tenker at det vil vere bra ein plass der framme og.

Artikkeltags