Ei hjelpande hand til ME-forskinga

Motorsagkunstnar Arne Askeland formar ein trestokk til ei hand.

Motorsagkunstnar Arne Askeland formar ein trestokk til ei hand. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Kva kan ein gjere for å skaffe sju millionar til eit banebrytande studie?

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Motorsagkunstnaren Arne Askeland saga ut ei hand for Karina Hetle Solheim, som brått fekk denne ideen til å hjelpe prosjektet MEandYOU.

- Viss eg kan engasjere andre så er det bra; eg har ikkje tenkt å gi meg der og vil gje pengar og, men eg har ikkje sju millionar kroner, seier Solheim.

Solheim funderte på korleis ein kan skape interesse rundt forsking på sjukdomen ME. No lagar dei ein sti på Fosseheimen naturpark i Gaular, som har fått det passande namnet "Bedringens vei".

Mange givarar

Til denne har Askeland laga figurar, no også handa MEandYOU.

- Mange ulike folk kjem hit, alle med sin koffert. Viss dei kan få ei god oppleving, så er det fantastisk, seier Solheim.

Det er den ME-sjuke legen Maria Gjerpe som står bak aksjonen, med mål om å samle inn sju millionar kroner på 90 dagar.

Ho set stor pris på Solheim sitt engasjement.

- No har vi fått inn om lag ein million kroner. Vi har rundt 2000 givarar, frå heile verda, seier Gjerpe.

Kan vere gjennombrot

Det er 45 dagar igjen av aksjonen, og målet er å få satt i gang ein viktig forskingsstudie. Den føregår ved Haukeland universitetssjukehus, der behandling med kreftmedisin har gitt bra resultat på ME-pasientar i tidlegare studier, men sjukehuset treng meir pengar til å gjennomføre fase tre av dette prosjektet.

- Norge kan stå framfor eit medisinsk gjennombrot, men det er heilt naudsynt at ein stor studie med 140 testpersonar blir gjennomført, seier Gjerpe.

Om lag 10.000 personar i Norge har ME, ein kompleks sjukdom med fysiologiske, kognitive, nevrologiske og immunologiske symptom. Typisk er uforklarleg sjukeleg utmatting, blir det forklart på MEandYOU si nettside.

I Viksdalen håpar Solheim at fleire blir engasjerte i ME-saka.

- Eg oppmodar andre bedrifter og enkeltpersonar å gjere noko, som eit samfunnsansvar, seier Solheim.

Artikkeltags