Ei av desse kan bli den nye kystvegbrua

Styret i Kystvegen Måløy-Florø har fått overlevert skissene på bru i ytre Nordfjord. Bak skissene står ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen.

Styret i Kystvegen Måløy-Florø har fått overlevert skissene på bru i ytre Nordfjord. Bak skissene står ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Kan knyte Florø saman med Måløy. Sjå dei ulike brualternativa her.

DEL

Styret i Kystvegen Måløy-Florø har fått overlevert skisseprosjektet på bru i ytre Nordfjord frå det rådgivande ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen. Ytre Nordfjord skal kryssast med bru mellom Tongane på Rugsundøy i Bremanger kommune til Biskjelneset i Vågsøy kommune i nord. Dette vil bety ei total brulengd på 1840 meter, og alle brualternativa er like lange.

Aas-Jakobsen foreslår tre alternative bruløysningar:

1. Hengebru med ei spennvidd på 860 meter.

2. Hengebru med ei spennvidd på 980 meter.

3. Skråkabelbru med ei spennvidd på 860 meter.

Like kostnader – kring 2,4 milliardar

Ingeniørfirmaet fortel i pressemeldinga at det ikkje er vesentlige kostnadsskilnader mellom dei tre alternativa og prisen ligg på ca. 2,4 milliarder kroner inkludert moms. Aas-Jakobsen påpeikar i rapporten at det er gode fundamenteringsforhold i sjø og på land, ingen bebygging ved landfester, gode montasjeforhold i beskytta farvatn i sjø og kort tilknytning til hovudveg på begge sider av brua.

– Spennande

Ordførar i Flora kommune og styreleiar i Kystvegen AS, Bengt Solheim-Olsen, fortel at det var spennande å få dei ferske skissene på bordet.

– Bilda er fantastiske, og gir eit godt innblikk i korleis det kan bli, seier Solheim-Olsen, som også gler seg over at rapporten peikar på at alle områda der det kunne bli problem med brubygginga – er problemfrie.

Han fortel at han og resten av styret er utolmodige i påvente av kystvegplanane, og endå verre er det no når dei heile har blitt «visuelt».

Jobbar for finansiering

– Ein blir absolutt litt meir utolmodig når ein ser desse skissene. Sogn og Fjordane bevegar seg litt for sakte, og kommunikasjonen på kysten er ein av grunnane til det, seier Solheim-Olsen.

Frå før har styret byrja med ein finansieringsplan for heile kystvegen Måløy-Florø (tunnel Svelgen-Indrehus og bru i ytre Nordfjord), og Solheim-Olsen fortel at ein no for alvor må setje fart i dette arbeidet.

– Med eit spleiselag mellom fylkeskommunen og staten, pluss bompengar, ferjeavlastingsmidlar og momsrefusjon, trur vi dette kan realiserast innan ti år, seier Flora-ordføraren.

Delar av 45-minuttsregionen er allereie i regional transportplan, men strekninga Indrehus til Florø, må framleis sjåast på.

– Så vi treng nokre spenstige tankar for korleis vi skal komme oss dit, seier Solheim-Olsen, som meiner at å få på plass Kystvegen vil knytte sunnfjordregionen til Nordfjord på ein heilt anna måte enn før.

Artikkeltags