Gå til sidens hovedinnhold

– Eg tenkte dette går til h...

Artikkelen er over 7 år gammel

Vart vitne til «flystyrt».

– Då eg såg flyet komme inn mot bakken vart eg rimeleg stressa og tenkte dette går til h... Men dei to som sat om bord i flyet var ikkje ein gong skjelvne då eg snakka med dei. Det var verre med meg, fortel vitnet til glideflyet som «styrta» i Innvik laurdag medan han ler.

– Er visst normalt

Dramatikken la seg fort etter at han kom i kontakt med pilotane om bord i flyet, og fekk avkrefta at det var snakk om ei naudlanding.

– Dei var heilt rolege. Det er visst normalt at dei landar på den måten, men det såg ganske dramatisk ut, seier mannen som er grunneigar der flyet landa.

Forsvann fort

Ifølgje pilotane var dei med på juniorstemne i glidefly, og forsvann frå staden like fort som dei kom.

– Ja, det gjekk rimeleg kjapt. Det kom nokon å henta dei, demonterte flyet på eit kvarter og så køyrde dei i veg. Flyet var like heilt, det hadde berre fått litt grønske på vingen, fortel vitnet til Firda.

Har du påskebilde du har lyst til å dele med oss? Er det full spenning kring Risk-spelet eller hoppkonkurranse på hytta? Skjer det noko dramatisk der du er i påska? Send oss bilde på e-post redaksjon@firda.no eller på sms/mms med kodeord fitips til nummer 2005. Du kan også sende inn bilde direkte til oss via Instagram med kodeord #firdafoto.

Vi trekk ut eitt bilde som vinn eit gåvekort på 500 kroner.

Kommentarer til denne saken