Gå til sidens hovedinnhold

– Eg har ikkje dårleg samvit

Artikkelen er over 18 år gammel

Jens Henrik Friis fryktar ikkje utfallet av den etterforskinga som no på går. – Eg har ingenting å skjule, seier Friis.

Den tidlegare hotelldirektøren meiner at dei forholda bustyraren har meldt han for ikkje stemmer.

– Noko av det er totalt feil, mens andre ting er litt korleis folk ser det. Eg vil ikkje utdjupe noko meir. Så lenge saka er under etterforsking, vil eg ikkje kommentere den så mykje, seier Friis.

Sjølv om han vert etterforska for økonomiske lovbrot, har ikkje Friis skaffa seg advokat.

– Eg hadde kopla inn advokat dersom eg hadde hatt dårleg samvit, men det har eg ikkje, seier Friis.

Aksepterer karantene

Han ser ikkje vekk frå at saka kan hamne i retten, men han fryktar ikkje utfallet der.

– Eg trur ikkje eg vert straffa ut over den konkurskarantenen eg allereie har fått, og konkurskarantenen kan eg akseptere. Eg har for tida ein god jobb som hotellvert på Hotell Øren og trivast med det, seier Friis.

Han legg til at han ser fram til at etterforskinga og ei eventuell rettssak er over, slik at han får denne saka ut av verda.