Gå til sidens hovedinnhold

E39-millionane dryp på Per

Artikkelen er over 6 år gammel

GAULAR: Av 860 millionar til prosjekta på E39 dryp over 300 millionar på lokale leverandørar. Per Kapstad på Sande kro og hotell har ikkje hatt det så travelt i heile sitt liv.

– Frå september kjem det ein rigg til, eg er ikkje heil sikker på kor mange rom det blir der, men vi endar opp med rundt 75 rom, seier Kapstad. Kroverten på Sande har ikkje hatt hendene så fulle sidan han starta opp Sande kro i 1977.

I samband med utbygginga av E39 frå Øksland til Sande har Statens vegvesen og eit batteri av entreprenørar etablert base på Sande, og Sande Kro og Hotell har fått jobben med å ta seg av dei – på mange slags vis.

All service

– I tillegg til overnattinga har vi all mat til alle tilsette, pluss all service på to brakkeriggar med kontor, samt pauserom og slikt. Det handlar om vask og etterfylling av toalettpapir, tørkepapir, handklede, klevask, alt mogleg, seier Kapstad. For å ta unna arbeidet har han tilsett tre medarbeidarar i full stilling, pluss at det kjem ein til i løpet av ein månads tid.

Han har det så travelt at han har ikkje rukke å rekne ut kva han tener på anleggsdrifta:

– Nei, faktisk ikkje. Men vi har lagt stabilt på ei årsomsetjing på 4,5 millionar dei siste åra, og du kan nok legge nokre millionar til det, seier Kapstad.

Han veit enno ikkje heilt kor store oppgåvene han blir sitjande med, faktisk blir:

– Vi ventar framleis på ein del svar, enkelte ting veit eg ikkje heilt korleis eg skal prise ein gong, det er oppgåver vi aldri har vore borti før. Men det er klart vi tener pengar. Berre maten til 70 mann, 300 kroner døgnet per stykk, fire dagar i veka, det blir jo ein heil del, berre det.

Mat for 4 millionar

Og det blir det. Eit kjapt reknestykke viser at på 48 veker blir det rundt fire millionar kroner. Og så kjem overnatting og all anna service i tillegg.

Og han er ikkje den einaste lokale aktøren som gjer gode pengar på vegprosjekta på E39. I Lavik endar rundt 150 av totalt 212 millionar opp på lokale hender, seier prosjektleiar Tore Årberg i NCC, som har hovudentreprisen:

– 60 millionar går til lokale underentreprenørar, 40 millionar til innkjøp som blir gjort lokalt, og 50 millionar til NCC sine eigne tilsette, som har arbeidsstad Florø og er busett her i fylket, seier Årberg.

300 millionar lokalt

– Minst 300 millionar av dei totalt vel 860 millionane som blir brukt på Lavik ferjekai og E39 Øksland–Sande, hamnar hos lokale entreprenørar og leverandørar, seier Svein Reidar Dale, som er Statens vegvesen sin prosjektleiar for E39 Lavik–Skei:

– Berre på Sande hamnar minst 130 millionar av ein kontraktssum på 500 millionar hos aktørar som er basert i Sogn og Fjordane. I tillegg kjem nokre millionar som vi brukar på overnatting, servering og liknande i samband med prosjektering, byggherrekostnader og liknande. Dessutan skal vi no ut med anbod på støyskjerming og elektrisk anlegg i Økslandstunnelen, og det er kontraktar som lett kan hamne på lokale hender, seier Dale.

Alle tener

Og dette er pengar som rislar ut i lokalsamfunna rundt veganlegga, seier Kapstad:

– Heile bygda, og alle som driv forretning her på Sande vil merke dette godt. Det er jo 70 personar ekstra som kjem til å bu her i to år, og dei handlar og etterspør fritidsaktivitetar og brukar pengar, seier Kapstad.

Kommentarer til denne saken