Svært varierande standard på brøyting og salting gjer hovudvegar som E-39 gjennom fylket livsfarlege. Det seier den røynde bilbergaren Leif Bjørnereim frå Byrkjelo til NRK Sogn og Fjordane. Statens Vegvesen er klar over problemet og vil setje i gong tiltak med ein gong.