– Dei er utarmande kjipe og treige, som den dundrande sure leiaren for Nynorsk mediesenter her i Førde.

Skribent og samfunnsdebattant Anne Viken frå Bygstad tok eit generaloppgjer med dei «som liksom har teke på seg å fronte Sogn og Fjordane», i debatten om fylket på kunstmuseet i Førde fredag kveld.

Flyttar som piska skinn

– Distrikt er ikkje så ukult som mange trur. Heller ikkje nynorsk, sa Viken. Ho fortalde at mange i Oslo likevel ser på henne som ein fjøsnisse, fordi ho skriv om mat, landbruk, distrikt og nynorsk. – Som pr. i dag er verdas minst kule ting takka vere dei som har vore desse tingas talsmenn gjennom tidene. Død over Senterpartiet, målrørsla og bunadseliten, sa Viken.

Ho var klar på at fylket må gjere noko med fråflyttinga og å endre sitt image.

– Vi blir konfrontert med at folk flyttar som piska skinn frå Sogn og Fjordane. Distriktnorge er kjent for å vere bakpå og intolerant. Eg trur Sogn og Fjordane framleis har mykje å bevise før det faktiske biletet trengjer gjennom utanfor fylkesgrensene, sa Viken.

– Smekkfullt av nissar

Ho meiner det er eit stort problem at høgt utdanna folk vel å ikkje flytte til fylket. Skal fylket ha kvalitet, må dei tilby kvalitet. Og ikkje som heimkommunen:

– Gaular kommune sit med pappskallen sin under vatn i Dalsfjorden og har til no ikkje klart å skaffe meg Internett, sjølv etter to år med purringar. Dårleg er ikkje godt nok, freste ho.

Og turistmarknadsføringa verkar stikk motsett med tanke på å lokke til seg innbyggjarar:

– Turistaktørane har gjort ein god og grundig jobb i å få oss til å sjå ut som eit godt bevart samfunn smekkfullt av fjøsnissar. Akademikarar likar seg nemleg ikkje blant fjøsnissar.

Mindreverdskompleks

Ho sa at fylkets aviser heller ikkje speglar av at der finst akademikarar.

– På firda.no les vi om vald i pølsekøen og hjortekalvar som bur inne i rundballar.

– Eg trur ein ikkje må ha så mange mindreverdskompleks. Som for eksempel Ap som vil betale ned studielånet til dei som flyttar hit. Det er å drite seg ut og nok ein gong bevise for all verda at vi er bakpå, smekk fulle av mindreverdskompleks og lite sjølvrespekt. Det er som å betale ein fyr for å gå på date med deg. Kvifor ikkje heller overtyde denne karen om at du er eit kupp?

Oppgjer med personangrep

Ho meiner folk må leggje av seg personangrepa.

Etter reaksjonane hennar på Sogn og Fjordanes bunadsbidrag til kongens bursdag i 2007, fekk Viken mykje mediemerksemd. Og ikkje berre av det gode slaget.

– Debatten var ei sjokkerande oppleving for meg. Den var ei oppvisning i trongsynt argumentasjon og intoleranse. Eg oppdaga då kor ille det stod til i Sogn og Fjordane, fortalde Viken.

– Om bygda hadde klart å framstå med den takhøgda som byen påstår at den har, trur eg vi hadde komme langt.