Dum Dum Boys leverte

Publikum var med frå første låt då Dum Dum Boys kom på scena kring midnatt.

Publikum var med frå første låt då Dum Dum Boys kom på scena kring midnatt. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

I fjerde forsøk kom Dum Dum Boys endeleg til Førde, og bandet leverte varene framfor 3000 fornøgde tilhøyrarar.

DEL

- Norges tøffaste rock'n roll-band, seier Sommarfest-sjef Anne Oline F. Gullaksen.

Splitter pine - til slutt

Publikum var med frå første låt, og dei kjende songane kom på rekkje og rad. Folk song med på refrenga "Jeg lever i en drøm", "Jeg går i bane", "Tusen etasjer høy" og endeleg - som siste ekstranummer - "Splitter pine".

Då kasta vokalist Per Øyvind "Prepple" Houmb gensaren og viste fram tatorveringane på overkroppen, og både bandet og publikum såg ut til å vere fornøgde med kvelden.

Selde 1000 siste dagane

Arrangørane selde 2856 billettar, og med sponsorar og fribillettar var det kring 3000 personar inne på festivalområdet på Langebru-torget då veteranrockarane frå Trondheim kom på scena like etter midnatt.

- Det er det vi må ha for å gå i balanse. Vi selde tusen billettar dei to siste dagane, og vi ser at vi er veldig vêravhengige, seier Gullaksen til firda.no.

Budsjett på nesten 2 millionar

Budsjettet for Sommarfesten der Ida Maria, September When og Dum Dum Boys var hovudattraksjonane, er på mellom 1,5 og to millionar kroner.

Artikkeltags