Du må reise lenger for å få pass

SPLITTER NY: Den biometriske passkiosken er knapt pakka ut på Førde og Naustdal lensmannskontor. Her fjernar Magne Faleide plasten.

SPLITTER NY: Den biometriske passkiosken er knapt pakka ut på Førde og Naustdal lensmannskontor. Her fjernar Magne Faleide plasten.

Artikkelen er over 10 år gammel

Sjekk kor langt du må reise.

DEL

Frå 1. juli sluttar politiet å skrive ut pass i små kommunar. I Sogn og Fjordane betyr det at berre 15 lensmannskontor kan hjelpe deg med pass, mot 23 i dag.

– Det blir ein reduksjon i talet på lensmannskontor som kan bidra med å lage til pass, stadfestar politiinspektør ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden.

Han har sjølv vore med i gruppa som har foreslått ei liste over kva lensmannskontor som skulle få desse tenestene. Politimeisteren har vedteke lista som ho vart føreslegen.

Frå 375 til 190

– Vi visste at vi fekk 16 boksar, desse måtte vi finne føremålstenlege plasseringar til, seier Iden.

På landsbasis kan du i dag søkje om pass på rundt 375 politikontor kring om i landet. Innan utgangen av juni skal dette talet vere redusert til 190. I Sogn og Fjordane er det i dag 23 politikontor der du kan søkje om pass, frå 1. juli er talet redusert til 15.

– Det blir stans 1. juli, men det er ikkje sikkert alle dei 16 automatane er oppe og går akkurat på den datoen. Vi tek dette fortløpande, og så fort vi klarar, men det er ein del som skal på plass. I utgangspunktet skal automatane vere oppe og gå 28. juni, men dette må vi komme nærare tilbake til, seier Iden.

Hjå mange lensmannskontor krevst det noko ombygging for at ein skal få til ei funksjonell ordning.

Betenast av funksjonær

Bakgrunnen for endringa er den lenge varsla innføringa av biometriske pass, som i tillegg til bilete skal innehalde fingeravtrykk. For å få dette til trengst det eigne biometriske kioskar.

Men trass i at det er automatar som skal gjere ein del av jobben, som til dømes å ta bilete og fingeravtrykk, så blir ikkje dette noko heilautomatisk teneste.

– Med tanke på arbeid, trur eg ikkje det blir noko skilnad. Kvar automat må betenast av ein funksjonær, seier Iden.

Byggjer om neste veke

Førde er einaste lensmannskontoret i fylket som får to automatar. Sidan korkje lensmannskontora i Gaular eller Jølster frå 1. juli kan hjelpe til med pass, er det naturleg for innbyggjarane der å vende seg mot Førde.

– Vi startar truleg ombygging av skrankeområdet neste veke. Vi må gjere nokre endringar for å få begge automatane tilgjengelege for publikum, seier Magne Faleide ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

DESSE FÅR PASSAUTOMAT:

  • Stryn
  • Eid
  • Gloppen
  • Vågsøy
  • Vanylven (kjem seinare)
  • Førde
  • Askvoll
  • Florø
  • Bremanger (kjem seinare)
  • Lærdal
  • Årdal
  • Sogndal
  • Luster (kjem seinare)
  • Vik
  • Høyanger

Artikkeltags