– Ein må slutte med skremslepropagandaen helsedebatten rundt fødetenestene, sa Kirketeig, etter at fylkestinget i dag hadde halde ein meir enn timelang sjukehusdebatt i etterkant av fylkesordførarens tale.

Går bra

Ap-representanten frå Førde gjekk ut mot åtvaringane om at føde-avviklingane på Eid og i Lærdal vil gå ut over tryggleiken for mor og born.

– Dei tilfella der det er fare på ferde, veit ein gjerne om, og desse fødslane tek gjerne tid. Dei som kjem fort i ein taxi eller ein bil, går bra, sa Kirketeig frå fylkestingets talarstol.

Mållaus

– Eg er mållaus, repliserte Sps Margareta Navelsaker.

– Det kan gå gale, og dei tilfella trur eg ikkje Jorunn Eide Kirketeig vil ha på samvitet, sa Frank Willy Djuvik (Frp).

– Den type skremsler Djuvik kjem med, er nettopp det som har øydelagt i sjukehusdebatten, svara Ap-representanten.