-Dronninga er veldig smart, vi diskuterte mellom anna litografi som er ein gammal teknikk der ein malte på stein, og på det området hadde faktisk dronninga meir kunnskap enn eg, ler Kjartan Slettemark.

Dronninga hadde eit hektisk program fredag føremiddag for å få med seg mest mogleg av festivalen. Ho var til stades på prøvene til stykket "Meistermøy" som har premiere på søndag, og besøkte også Talent04 og to av festivalens kurs. Dessutan fekk ho omvising på Kunstnarsenteret av Kjartan Slettemark.

-Det er alltid spennande å følgje Slettemark, sa dronning Sonja, som også fortalde at ho hadde fått ei lita gåve av kunstnaren.

-Det er ein løyndom. Det er mellom meg og dronninga, seier Kjartan Slettemark.

Fin form

Dronninga var i storform trass i krykkjer og ein nyoperert fot.

-Eg føler meg veldig fin, smilte dronninga.

-Men det var kanskje vanskeleg for dronninga å danse salsa og liknande?

-Ja, men dansefoten går litt innimellom likevel, lo dronning Sonja.

Fleire barnehagar i Førde tok turen til sentrum for å sjå dronninga, og etter fleire timar med venting fekk dei løn for strevet utanfor Førde Barneskule. Der tok Dronninga seg god tid til å helse på barna.

-Ho tok meg i handa og så sa eg at eg heite Anna, seier Anna Gloppen (3).

-Og så sa ho at vi var veldig fine med stjerner og hjarte i andletet, seier Lone Engevik (5).