Dronning Sonja kom onsdag kveld til Florø. Ho vart frakta frå flyplassen til hamna, der ho skal overnatte i Kongeskipet som kom til Florø tidlegare på dagen.

Jubileumsfeiring i morgon

Torsdag har dronninga i tettpakka program. Ho er i byen i samband med at Florø i år feirar 150 år, og skal mellom anna møte folket på torget midt på dagen.

Ho skal på båttur rundt Florø, besøkje Kystmuseet, Fjord Base og eldresenteret Havglytt.

Nytt besøk i september

Dronning Sonja returnerer til Sogn og Fjordane allereie om knappe to veker. Då skal ho vere med på gjenopninga av den nyrestaurerte Urnes stavkyrkje i Luster.