Dronning Sonja i Solund

Vigdis  og Olav Mikkelsen, som bur i Pollevika i Solund, 4-5 km frå kommusenteret Hardbakke, fekk dronning Sonja på uventa besøk i hagen.

Vigdis og Olav Mikkelsen, som bur i Pollevika i Solund, 4-5 km frå kommusenteret Hardbakke, fekk dronning Sonja på uventa besøk i hagen. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

SOLUND: - I dag har dronning Sonja har vore på fjelltur og «hagevandring» i Solund.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Dronning Sonja er på ei privat rundreise med kongeskipet, og dukka i ettermiddag opp i Pollevika i Solund, der ho og følgjet hennar gjekk opp på Pollatinden, om lag 540 m.o.h.

- Det er Sonja
- Både ho og resten av følgjet var strålande fornøgde. Dronninga sa det var heilt fantastisk og vel verdt turen. Vêret var heilt supert. Vindstille, blå himmel og berre litt skyer, fortel Vigdis Mikkelsen, som i førstninga ikkje trudde sine eigne auge då ein ukjend ribbåt la til ved bryggja deira.

- «Så kjekt at dronninga kjem», sa eg til mannen min på tull. «Det er ho Sonja», svarte han. Då måtte eg berre le, fortel Vigdis, som fekk uventa kongeleg besøk i hagen sin.

Dronninga var storleg imponert over alle dei frodige blomane som klamra seg fast i bergknausane, godt stelt av Vigdis og mannen.

Hjorteplage
- «Å, så nydeleg», sa Dronninga og tok bilete av blomane mine. Eg fortalde at det var ei blanding av slikt både Vårherre og eg har planta. Dessverre kunne eg ikkje handhelse då ho kom, for eg var full i mold, men ho kom bortom igjen på nedturen, handhelsa og beundra blomane endå meir. Og så lurte ho veldig på kvifor vi hadde to «fugleskremsel» ståande. Eg sa det var for hjorten, og då fortalde ho at det var også dei plaga med.

Ei dame i følgjet ville vite om berget var rutil, men dronninga hadde som vanleg førebudd seg.

Konglomerat
- Dette hadde Sonja greie på. Ho svara konglomerat med ein gong, ler Vigdis, som no har fått eit minne for livet..

- Dette er ein dag eg kjem til å hugse. Veldig artig. Og det kjekkaste var å oppdage at ho var akkurat som alle andre, og ikkje så stiv og formell som vi ser henne elles.

Artikkeltags