Gå til sidens hovedinnhold

– Driv egoistisk sjukehuskamp

Artikkelen er over 11 år gammel

Jorunn Eide Kirketeig (Ap) meiner motstanden i nord ber preg av «leve Nordfjord, skit i fylket».

– Den manglande viljen til å omstille seg ved lokalsjukehusa har allereie ført til at det geriatriske teamet ikkje lenger finst i Sogn og Fjordane. Kor mykje har motkreftene tenkt å ofre for å mjøle si eiga kake? skriv Ap-politikaren frå Førde i eit innlegg i dagens Firda.

Dei svakaste

Kirketeig seier til firda.no at ho reagerer på stadige utsegner frå folk i Nordfjord om at fylket vårt er betre tent med berre å ha tre lokalsjukehus.

– Skulle noko slikt bli sett ut i livet, vil det råke menneske med multippel sklerose, ALS, kreft og reumatiske sjukdommar. Dette er pasientar som ikkje har korkje profesjonelle lobbyistar eller ordførarar til å tale si sak. Men desse menneska er svært avhengige av spesialisthelsetenester, og skal ikkje tvingast ut av fylket, seier Kirketeig.

Uggen kjensle

– Det gir ei svært uggen kjensle, når ein høyrer at dei store underskota i Helse Førde skal takast inn ved å ofre helsetilbodet til dei svakaste pasientane i fylket, seier lokallagsleiaren og fylkespolitikaren.

Illusjon

Kirketeig kallar det ein illusjon å tru at desse pasientgruppene kan få det tilbodet dei treng på sitt lokalsjukehus, og at det er mogleg å desentralisere spesialisthelsetenestene til så små pasientgrupper.

– Og trur dei i Nordfjord som vil leggje om til tre lokalsjukehus at folk her frå fylket vil kome lettare til ved eit Haukeland med sprengd kapasitet? Trur dei at pengane som måtte bli spart ved å avvikle spesialfunksjonane i Førde berre vil bli overførte til Eid og Lærdal? Så enkelt er det ikkje, seier ho.

Fogderistrid

– Du skuldar folk i Nordfjord for å mjøle si eiga kake. Bidreg ikkje det du går ut med nettopp til å fyre opp under fogderimotsetnader?

– Det er ikkje mitt ærend i det heile. Eg er oppteken av at vi må tenkje meir samla om kva som er viktig for fylket vårt. Det er ekstra skremmande om protestane mot omlegging botnar i fogderistrid. Då er vi ute å køyre, seier Jorunn Eide Kirketeig.