Gå til sidens hovedinnhold

Dobbelt så mange saker til Helsetilsynet

Artikkelen er over 11 år gammel

Helse Førde har så langt i år meldt inn 30 saker til Helsetilsynet mot 13 i 2008.

Fleire saker

Ifølgje Jon Bolstad er dette på grunn av at helseføretaket har blitt betre på å melde inn saker.

- Det er betre å melde inn for mange saker enn for få. Så at vi har fått inn fleire saker til Helsetilsynet, er ikkje eit uttrykk for noko anna, slo adm.direktøren fast.

Han viste til at dei jobbar med å auke kunnskapen hos dei tilsette om rapporteringssystemet slik at dei kan ta lærdom av sakene.

Færre sjukehusinfeksjonar

Bolstad viser også til under styremøtet at talet på sjukehusinfeksjonar i Helse Førde har gått ned.

Dette viser fersk statistikk som viser at det frå 2005 fram til i dag har blitt færre sjukehusinfeksjonar.

- Eit uttrykk for kvalitet, seier Bolstad.

Mange tiltak internt er grunnen til at talet på infeksjonar har gått ned, meiner helseføretaket.