DNA-bevis: Ulven kom frå Sverige

Dette dyret skal ha blitt fotografert av eit viltkamera nyleg. Ulven som tok sau i Naustdal har tilbakelagt minst 405 kilometer i luftlinje frå Värmland i Sverige.

Dette dyret skal ha blitt fotografert av eit viltkamera nyleg. Ulven som tok sau i Naustdal har tilbakelagt minst 405 kilometer i luftlinje frå Värmland i Sverige. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

DNA-analyser viser at det var ein hannulv frå Sverige som stod bak skadane på sauer i Naustdal. Det er den første sikre ulveobservasjonen i fylket på 64 år.

Både i august og september blei det meldt om skader på sauer i Naustdal. Totalt åtte sauer er registrert drepne av ulv i området i databasen Rovbase.

Har DNA-bevis

Rovdata har analysert ei skitprøve som blei samla inn på staden for DNA. Resultata som var klare onsdag bekreftar at det var ein ulv som stod bak tapa.

– DNA-analysane viser at det var ein ulv frå det heilsvenske reviret Kläggen som var på ferde. Kläggen ligg i Värmlands län, cirka ei mil frå riksgrensa mot Norge, seier leiar i Rovdata Morten Kjørstad.

Ulven har tilbakelagt ei distanse på minst 405 kilometer i luftlinje frå Värmland før den kom til Sogn og Fjordane.

– Det er i luftlinje, så ulven har gått betydeleg mykje lenger. Vi veit ikkje nøyaktig kor eller kor langt, seier Kjørstad til Firda.

Sjeldan gjest

Rovdata stadfestar at ulvebesøk i Sogn og Fjordane er sjeldan kost. I 2001 blei det antatt at ein ulv drap to sauer i Luster kommune, men det blei aldri bekrefta av DNA eller synsobservasjonar.

Før denne hendinga må ein tilbake til 1950 for å finne ein dokumentert observasjon i fylket. Også den gong var det i Naustdal ulven kom på besøk. Den gong blei ein stor hannulv skoten.

– Tidleg på 2000-talet blei det gjennomført genetiske analysar av ei tann frå denne ulven, som er oppbevart på museum. Analysane viser at ulven høgst sannsynleg var ein immigrant frå den finsk-russiske ulvebestanden, seier Øystein Flagstad, som er genetikar i Rovdata.

Typisk vandringsmønster

– Vandringa til ulven som er fanga opp i Naustdal nyleg fell saman med mønsteret vi har avdekka gjennom bestandsovervåkinga dei siste åra. Kvalpar fødde i Sverige har ein tendens til å vandre vestover og dermed til Norge, og kvalpar fødd i Norge tenderer til å vandre i motsett retning, seier Kjørstad.

Felles innsamling og samanstilling av ulveprøver i Norge og Sverige gjer det blant anna mogleg å følge unge ulvar som vandrar frå sine fødselsrevir på jakt etter ein partner og eit eigna leveområde, sjølv om dei kryssar riksgrensa. Kjørstad fortel at når ulvekvalpane nærmar seg 1 år er det vanleg å vandre ut.

– Det er veldig vanleg at dei går langt. I Sør-Sverige er det tett med ulv og lite ledig plass, difor vandrar dei ut, forklarer Kjørstad.

At ulven har gått så pass langt, er dermed ikkje overraskande, meiner han.

– Vi har hatt ulv i dei fleste fylka dei siste åra. Det kan godt ha vore ulv innom Sogn og Fjordane utan at det har vore registrert.

Leitar truleg etter partner

Det er ikkje registrert tisper så langt vest i Norge, difor er det lite sannsynleg at ulven blir her, opplyser Kjørstad.

– Sannsynlegvis vil han vandre vidare. Kva retning han går er umogleg å seie. Han kan framleis vere i området eller han kan ha vandra vidare. Forhåpentlegvis kan vi seie meir om det når vi får snø og lettare kan følge spora.

I motsetnad til bjørn, jerv og gaupe er ulven eit sosialt dyr. Reproduksjonsdrifta er sterk og finn han ikkje partner må ein vente at han vandrar vidare.

– Men ulven er individ som oss, så det kan skje at han finn ut at han skal vente på ein partner her. Men det vil vere overraskande dersom ein einsam ulv slår seg ned og blir i eit område over år.

Av 15 skotne ulvar frå 1. august 2013 til 31. juli 2014 var 14 fødde i Sverige.

Ulvebestanden totalt i Norge og Sverige er på circa 400 individ. Av desse har 320 fast tilhald i Sverige, medan 30 er fastbuande i Norge. Om lag 50 lever på tvers av riksgrensa, opplyser Rovdata.

Artikkeltags