Djuvik toppar lista

Frank Willy Djuvik (Frp)

Frank Willy Djuvik (Frp) Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

- Dei neste 15 månadene blir tøffe og utfordrande.

DEL

Frank Willy Djuvik (32) toppar lista til Sogn og Fjordane Frp etter nominasjonsmøtet søndag. Dermed er han partiet sin fremste kandidat mot stortingsvalet til hausten.

- Det var på førehand knytt liten spenning til kven partiet sin nye førstekandidat skulle bli, og det var eit overtydd nominasjonsmøte som klappa Djuvik inn til førsteplass på stortingslista, heiter det i pressemeldinga.

Kristine Lie (20) og Lars-Svein Drabløs(63) vart valde til andre- og tredjeplassen på lista, melder partiet i ei pressemelding.

- Vi treng sårt eit politisk skifte i Norge, og Frp er det partiet som representerer eit alternativ til dagens raudgrøne regjering. Folk er lei av politikarar som snakkar om å styrkje psykiatrien mens unge menneske tek sjølvmord i behandlingskø, dei vil ha politikarar som gjer noko med det. Dei er lei av politikarar som snakkar om å styrkje eldreomsorga mens 100-vis ventar på institusjonsplass, dei vil ha politikarar som gjer noko med det, sa han på møtet.

- Eg veit at dei neste 15 månadane kjem til å bli tøffe og utfordrande. Men vi har eit sterkt mannskap, og saman skal me overtyde veljarane om at Frp er det partiet som best kan løyse både dagens og morgondagens utfordringar.

Her er heile stortingslista til Sogn og Fjordane Frp:

1. Frank Willy Djuvik, Flora

2. Kristine Lie, Sogndal

3. Lars Svein Drabløs, Eid

4. Marius Reiakvam, Naustdal

5. Bjørg Sølvi Refvik, Førde

6. Hogne Bleie, Vågsøy

7. Bjørg Kjos-Wenjum, Luster

8. Ove Henning Håkonsen, Førde

9. Bjarne Holme, Flora

10. Geir Sandvik, Årdal

Artikkeltags