- Djupedal bryr seg ikkje om nynorskelevane

KRITISERT: Utdanningsminister Øystein Djupedal.

KRITISERT: Utdanningsminister Øystein Djupedal. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Øystein Djupedal viser forakt for nynorskelevane, meiner målungdom-leiaren.

DEL

Torsdag 30. september gjekk fleire tusen elevar over heile landet ut i streik for nynorske læremiddel.

- Samstundes er kunnskapsminister Øystein Djupedal heilt tyst i denne saka, og sender statssekretæren sin framføre seg. Dette er ein forakt for nynorskelevane som vi ikkje kan godta, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

Viktig sak

- Det engasjementet vi har sett hjå ungdomane sjølve syner at denne saka er viktig, og statsråden må kome med klare svar på korleis han skal sikre lærebøkene på nynorsk til skulestart neste haust, meiner Kihl.

- Vi har gjort Djupedal merksam på situasjonen i lang tid, utan at han har gjort noko. Når han heller ikkje reagerer på kravet frå elevdemonstrantane, verkar det som han ikkje bryr seg i det heile, held Kihl fram.

- Kunnskapsmangel

- Jamvel om det var elevar på vidaregåande skule som gjekk ut i streik, er stoda minst like ille på grunnskulen. Når statssekretær Lisbet Rugtvedt påstår at stoda er betre der, er det anten løgn eller mangel på kunnskap. Dette syner nok ein gong kor skrikande mangelen på oversyn over dette feltet er, forklarar NMU-leiaren.

- Elevane lid kvar dag under mangelen på lærebøker på deira eige språk. Kunnskapsministeren må ta dei over hundre tusen nynorskelevane på alvor. Og kravet er klart: Nynorske læremiddel no!, seier Kihl.

Artikkeltags