– Distrikta er ei bør

Det er på tide å avlive distriktspolitikken, meiner Hordaland Høgres tidlegare toppolitikar, Henning Warloe.

Det er på tide å avlive distriktspolitikken, meiner Hordaland Høgres tidlegare toppolitikar, Henning Warloe. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Kvifor skal vi ta heile landet i bruk, dersom det er upraktisk, unødvendig og vanvittig dyrt, spør Høgre-topp Henning Warloe.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det er på tide å avlive distriktspolitikken, meiner Hordaland Høgres tidlegare toppolitikar, Henning Warloe.

Den tidlegare stortingsrepresentanten og byråden i Bergen gjekk søndag til frontalåtak på norsk distriktspolitikk, gjennom ein kronikk i Bergens Tidende. Der omtalar han utkantane som ei bør og ein gigantisk kostnad for samfunnet, med krava om infrastruktur, rassikring, bruer og tunnelar «der ingen skulle tru at nokon ville bu».

«Vi andre må betale»

Warloe reagerer på at «folk på de ytterste utposter forlanger samme priser på strøm, samferdsle, bensin og matvarer som i tettbygde strøk, til tross for at kostnadene til fremføring og distribusjon er mye høyere».

– Det er nemleg aldri synd på folk i storbyane.?Det er folk i distrikta vi må bry oss om, skriv Warlo, og legg til: «Jo færre de blir, jo mer er det synd på dem, og jo mer må vi andre betale for å holde liv i dem».

Ex-stortingsrepresentanten meiner at velstandsauken i Norge har vore heilt avhengig av flukt frå landbruket og distrikta, at distriktspolitiske verkemiddel blir brukt feil, og at innbyggarane i dei store kommunane må betale rekninga for dagens kommunestruktur gjennom inntektsutjamninga – som Warloe kallar eit ran.

– Kvifor skal vi ta heile landet i bruk, dersom det er upraktisk, unødvendig og vanvittig dyrt, spør Høgres tidlegare elitepolitikar i BT-kronikken.

Det lukkast i går ikkje Firda å kome i kontakt med Warloe for eit intervju.

Stortingsrepresentant og tidlegare statsråd Liv Signe Navarsete (Sp) seier følgjande:

– Eg trur Henning Warloe er komen i skade for å seie det ein tenkjer i Høgre og Frp, men som det for dei to partia ikkje høver seg å seie høgt. Innlegget osar av forakt for dei som bur i små kommunar rundt om i landet og som skapar verdiar, skriv Navarsete i ein SMS til Firda.

Forsyner byane

Navarsetes partifelle og gruppeleiar i Sogn og Fjordane fylkesting, Jenny Følling, meiner Warloes samfunnssyn ikkje heng i hop. – Til dømes blir krafta produsert i dei distrikta som han vil bygge ned, medan han snakkar om det urimelege i at desse distrikta krev lik nettleige med det folk betalar i byane, seier Følling.

– Maten blir produsert over heile landet, fisken blir henta opp frå havet, og oljerikdommen kjem frå Nordsjøen. Det er ikkje byane som skapar desse ressursane. Utarmar ein distrikta, blir det også endå større press og trafikale problem i byane, og endå vanskelegare å utnytte naturressursane vi har, seier Følling.

I landstoppen i eksport

Medan Henning Warloe snakkar om dei «dyre» distrikta, har Sogn og Fjordane større eksport per innbyggar enn Oslo.

Det viser ein rapport frå Menon Business Economics, som vart offentleggjort i fjor. Der går det fram at berre fire fylke ligg føre Sogn og Fjordane på denne nasjonale lista. Alle desse er vestlandsfylke.

– Ressursane i havet, bakken og i fossane kan ikkje flyttast. Det vi lever av her i landet, er ikkje nødvendigvis produsert i sentrale strøk. Vi hadde heller ikkje hatt korkje Hydro eller Statoil utan ressursane som finst i distrikta, seier direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge.

Han meiner at Henning Warloe presenterer rein marknadskrafttenking.

– Den er sjølvsagt eit alternativ, og har blitt praktisert andre stader, med avfolking og avvikling som resultat, seier Fatland, og legg til:

– Vart det eit betre Sverige av det?

Flatland trur ikkje Warloes synspunkt er representative for Høgre og Frps politikk, der det klart er uttrykt at regjeringa vil legge vekt på vekst i heile landet.

Sps Jenny Følling meiner Warloe uttrykkjer det by-Høgre tenkjer:

– Det er nok mange som tenkjer slik som han. Det finst også eit bygde-Høgre som tenkjer annleis. Men eg er ikkje i tvil om kven av dei som blir sterkast. Kjøtvekta ligg hos by-Høgre.

Artikkeltags