Gå til sidens hovedinnhold

Discolaks og neon-Torsheim til folket

Artikkelen er over 6 år gammel

Vil sprite opp Festplassen med opplyst gangsti, discolaks, Torsheimstatue med neonskjerf, opplyste klatrestativ, karaoke og lysfontener.

Dette var berre nokre få av ideane som kom på bordet, då 10-klassingar frå Førde, Gaular, Naustdal og Jølster var samla på Øyrane vidaregåande skule denne veka. For på oppdrag frå Førde kommune, og i regi av Gründercamp frå Ungt entreprenørskap og NELFO (Foreningen for El og It bedriftene) i Sogn og Fjordane, skulle elevane tenke ut kva som kunne gjerast for å gjere festplassen i Førde meir attraktiv – særleg med tanke på belysning.

Jølstringar til topps

Den beste ideen hadde Torjus Jarning, Daniel Ramsli, Jørgen Nygård og Kristen Slåtten frå Vassenden skule.

Deira idé med ein opplyst gangsti, ei lyssett fontene, samt eit panel som let barn styre fargen på fleire lys ved Torsheimstatua i parken, gjekk til topps etter at elevane sjølv hadde ei avstemming, og ein overordna jury hadde gitt sin dom.

Dei fire 15-åringane frå Jølster legg ikkje skjul på at dei sjeldan vandrar på Festplassen i Førde, men at dei hadde sett seg inn i lysproblemet i området.

– Det var spennande. Vi har kopla litt, men aldri gjort nok slikt som dette før, seier Torjus Jarning, etter at dei vart ropt opp som vinnarar.

Fargerik gåtur

Daniel Ramsli fortel at grunntanken deira var å lausrive seg frå «vanleg» lyssetjing, som ein finn elles i bybildet.

– Vi ville gi folk ein fargerik gåtur i parken, seier han.

Elevane fortel at dei også tenkte på aktivitetar for barn, blant anna ved å la dei sjølv lyssetje Torsheimstua med eit panel som styrer alle basefargane, slik at barna kan skape fargane dei vil sjølv vil.

Presenterer ideen

Sigersideen gjer også at elevane får møte kommunalsjef Trond Ueland, og ordførar Olve Grotle for å presentere ideen.

– Vi håpar sjølvsagt dei likar ideen vår. Om ikkje det blir akkurat slik, så hadde det vore artig om noko liknande kom ut frå den, seier Kristen Slåtten, om den kommande lunsjen med ordføraren og kommunalsjefen som elevane vart lova, etter at kommunen måtte melde pass på møtet tysdag, grunna storflaumen i Førde.

– Men vi er jo jølstringar, så vi får sjå om dei høyrer på oss då, seier Torjus Jarning til, og ler.

Gledeleg for arrangørane er det nok også at noko av grunntanken med prosjektet, nemleg å få fleire elevar til å velje elektrofag, ser ut til å ha verka. For både Torjus Jarning og Kristen Slåtten fortel at dei kunne tenkje seg å byrje på elektrofag.

– Eg kunne tenkt meg å byrje på elektrofag, seier Slåtten.

Både han og Jarning har tenkt på studiet før, men fekk ei ekstra overtyding etter tysdagens Gründercamp.

Kommentarer til denne saken