- Dette styrkar tilbodet i Nordfjord

Odd Søreide

Odd Søreide Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

I går presenterte Helse Vest dei nye planane for Nordfjord sjukehus. Det er eit pilotprosjekt for lokalsjukehus i landet.

DEL

Helse Vest har jobba fram ein plan for korleis lokalsjukehus skal organiserast framover, i går presenterte dei korleis dei ser føre seg at Nordfjord sjukehus skal driftast. Det er eit testprosjekt for heile landet.

– Vi har fått mandat til å finne ein modell som vi ser føre oss at vi kan overføre til andre lokalsjukehus, seier leiar i styringsgruppa til Helse Vest Odd Søreide.

Han fortel at endringane som no vert gjorde, vil komme Nordfjordingane til gode.

– Vi har kartlagt kva tilbod det er behov for i Nordfjord, og har endra tenesteinnhaldet på sjukehuset i tråd med dette. Det har ført til at vi har ei auka satsing på poliklinikk og på dagbehandling. Det er der dei store pasientgruppene med behov for eit lokalt tilbod er, seier Søreide.

Han fortel vidare at dei og har hatt ei auka satsing på behandling av rus, og at dei har oppretta eit nytt tilbod innanfor akuttpsykiatri.

– Endringane på Nordfjordeid vil i sum gje eit breitt og robust tilbod, tilpassa behovet i regionen, seier Søreide.

– Korleis skal det få gitt eit breiare tilbod utan å gjere store endringar?

– Dei store endringane er gjort. No skal vi få etablert nye tilbod, som det er kartlagt eit behov for på Eid. Dette får vi til ved å skape eit godt samarbeid med sjukehuset i Førde. Det vil verte fleire spesialistar og fagpersonar på Eid. Desse vil vere tilknytt Førde, men vere utplassert på Eid i dagar eller periodar, seier leiaren i styringsgruppa.

Artikkeltags