– Dette lovar godt for framtida

Ingvar Osland ser lysare på framtida til Flokenes fiskefarm etter at Miljødirektoratet i dag sa nei til fjorddeponi.

Ingvar Osland ser lysare på framtida til Flokenes fiskefarm etter at Miljødirektoratet i dag sa nei til fjorddeponi. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Men kaka blir ikkje kjøpt inn før politikarane har sagt sitt

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Ingvar Osland er ein av eigarane i Flokenes Fiskefarm, som vil bli næraste nabo til fjorddeponiet dersom det kjem.

– Eg er først og fremst veldig glad for den avgjerda som Miljødirektoratet kom med i dag. Regjeringa har sagt dei må ha kunnskap. No har dei fått det, og eg håpar inderleg at dei tek omsyn til den kunnskapen, seier Osland.

Les også: Miljødirektoratet har konkludert

330 millionar i 2013

Osland og Flokenes Fiskefarm har gjennom heile prosessen rundt Nordic Mining sine planar om gruvedrift prøvd å bli høyrde.

– Det har ikkje lukkast så veldig godt. Vi vart i alle fall ikkje lytta til av dei lokale politikarane. Vårt viktigaste poeng har heile tida vore omdømme. Det er ikkje hjelp i kor bra alt fungerer og kor rein fjorden er visst det blir kjent rundt om i verda at vi held til i ein fjord med gruvedeponi, seier Osland.

Les også: Håpar framleis på ja frå departementet og Ordføraren trur på gruvedrift

Han legg til at oppdrettsnæringa i Førdefjorden ikkje er ubetydeleg, korkje for kommunane eller staten.

– Det er snakk om mellom 25–30 tilsette som er direkte sysselsette på anlegga. I 2013 omsette desse fire anlegga for 330 millionar kroner. Berre vi i Flokenes fiskefarm omsette for 64 millionar, og skal betale 7,5 millionar i skatt, seier Osland.

Gjerne gruve, men ikkje deponi

Osland understrekar at korkje han eller dei andre oppdrettarane er eller har vore imot gruvedrift.

– For regionen trur eg gruvedrift kan vere positivt. Det er sjødeponiet som er problemet. Men om det no blir eit endeleg nei til sjødeponi, så vil eg tru dei som ønskjer å drive gruve ser seg om etter andre alternativ, og då kan dette bli ein vinn-vinn-situasjon, både oppdrettsnæring og gruvedrift, seier Osland.

Les også: – Enormt letta

Artikkeltags