– Dette kan få dramatiske konsekvensar

4H fryktar for aktiviteten i dei lokale laga i fylket dersom dei må spare pengar.  Bildet er frå 4H -matleir i Jølster.

4H fryktar for aktiviteten i dei lokale laga i fylket dersom dei må spare pengar. Bildet er frå 4H -matleir i Jølster. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Trur pengekutt vil redusere tilbodet til 1900 born i fylket

DEL

Det seier dagleg leiar i 4H i Sogn og Fjordane, Åge Avedal i ei pressemelding.

Han fryktar konsekvensane av at regjeringa vil redusere det økonomiske og faglege samarbeidet med 4H frå og med 2016.

I tillegg mistar barne- og ungdomsorganisasjonen ordninga med gratis kontorplass hos Fylkesmannen si landbruksavdeling.

Vil redusere støtta

– Dette kan få dramatiske konsekvensar for både 4H Sogn og Fjordane og 4H sett under eitt, seier Avedal i pressemeldinga.

Regjeringa har komme med forslag om å redusere støtta til 4H med 400.000 kroner.

I dag får den landsdekkande organisasjonen 7.1 mill. i stønad.

Redusert aktivitet

Som den største 4H – klubben i landet, fryktar Sogn og Fjordane 4H redusert aktivitet for dei 74 aktive klubbane og dei 1900 medlemmene sine.

Åge Avedal peiker på at organisasjonen har fått eit konkret samfunnsoppdrag av landbruksavdelinga i Sogn og Fjordane der dei er med på å rekruttere til utdanningar knytt til naturbruk. Han peiker og på at dei gir unge opplæring i entreprenørskap.

- Dramatisk kutta

– Regjeringa har som eit av sine hovudmål at det skal vere landbruk over heile landet. 4H meiner at moglegheitene for å nå måla blir dramatisk svekka ved å kutte det økonomiske og faglege samarbeidet mellom landbruksforvaltninga og 4H, seier Avedal i pressemeldinga.

Organisasjonen meiner kutta dei står ovanfor vil påverke oppfølginga av dei lokale klubbane.

- Politisk stordugnad

– Rekruttering og opplæring er langsiktig arbeid. 4H Sogn og Fjordane, saman med resten av 4H, mobiliserer no til politisk stordugnad. Vi jobbar for å påverke politikarar lokalt slik at regjeringa gjennom 4H skal forplikte seg til å arbeide langsiktig med rekruttering og opplæring til landbruk og entreprenørskap, seier Avedal.

Artikkeltags