Dette er ikkje Terje Sørbø

FAKTA: Dette biletet viser i klartekst at det er Eirik Flatjord som får raudt kort i oppgjeret mellom Åskollen og Førde. Men dommaren har i sin rapport gjeve kortet til Terje Sørbø, og midtstopparen har no fått tre kampar i karantene. ¿ Dette berre viser kva parodi denne dommaren har stelt i stand, seier Førde-trenar Knut Erik Folland.

FAKTA: Dette biletet viser i klartekst at det er Eirik Flatjord som får raudt kort i oppgjeret mellom Åskollen og Førde. Men dommaren har i sin rapport gjeve kortet til Terje Sørbø, og midtstopparen har no fått tre kampar i karantene. ¿ Dette berre viser kva parodi denne dommaren har stelt i stand, seier Førde-trenar Knut Erik Folland. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Men det hevdar fotballdommaren

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Eirik Flatjord fekk raudt kort i bortekampen mot Åskollen. Men no har Førde fått brev på at det er Terje Sørbø som skal sone. Og straffa er på heile tre kampar.

Dette biletet går no som dokumentasjon til fotballforbundet på kva som skjedde i den andre kvalifiseringskampen mellom Åskollen og Førde for snart tre veker sidan.

Var tretti meter unna

Førde sin venstreback Eirik Flatjord takla Åskollen sin kantspelar Lars Kristian Stokka ved sidelinja, og fekk deretter raudt kort av dommar Erik Sannerholt frå Skotfoss. Men no er det midtstoppar Terje Sørbø som får straffa på tre kampars karantene. Sjølv om han var omtrent tretti meter unna det som skjedde.

– Dette er merkeleg. Eg var jo langt unna det som skjedde. Og medan eg hadde nummer fire på ryggen, så hadde Flatjord nummer tretten. Det skal ikkje vere mogleg å ta feil då, smiler Terje Sørbø.

Sendt rapport

Førde-trenar Knut Erik Folland viser til at klubben tidlegare har sendt ein formell rapport på dommar Sannerholt sin innsats.

– Dette viser jo berre kva parodi denne dommaren har stelt i stand. Det at han ikkje ein gong fekk med seg kven som fekk raudt kort, fortel det meste om dommaren i denne kampen, seier Folland og held fram:

– Det var mange ting med dommaren vi var svært lite nøgd med i returoppgjeret. Vi har tidlegare sendt brev til regionansvarleg for dette dommaroppsettet for å unngå slike episodar i framtida. Så når vi i dag får denne straffereaksjonen frå forbundet, vert alt berre latterleg, seier Folland og held fram:

– Det er faktisk vi som må bevise at dommaren har gjort feil. Berre det fortel det meste, så lenge det finst både bilete og video av det som skjedde, seier Folland.

Heilt patetisk

Førde-trenaren reagerer også med vantru på at det raude kortet resulterer i tre kampars karantene.

– Vi har bede fotballforbundet gå inn på Åskollen si heimeside, og sjå video av taklinga. Det viser at tre kampar er heilt feil. Dessutan vert jo alt berre patetisk når dommaren ikkje ein gong får med seg at det var Eirik Flatjord som fekk det raude kortet, seier Folland.

– Dette er ein veldig streng straff, og vi vurderer sjølvsagt å anke avgjerda. Det står ikkje noko i rapporten om kva som faktisk skjedde i taklinga. Det kan difor verke som om dommaren har sendt inn denne rapporten i sterk affekt, seier han.

Artikkeltags