– Dette er i verdsklasse

Tverrfjellet: Utsikt over Kjøsnesfjorden frå Tverrfjellet. Fjellet som «Vegen til breen» vil lage tunnel gjennom, for å gjere utsikta tilgjengeleg for fleire.

Tverrfjellet: Utsikt over Kjøsnesfjorden frå Tverrfjellet. Fjellet som «Vegen til breen» vil lage tunnel gjennom, for å gjere utsikta tilgjengeleg for fleire. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Reisemålsselskapet Fjord Norge let seg imponere over bretunnel-prosjektet «Vegen til breen».

Les også: - Ein magnet for turistar og Statsråden skal sjå på turisttunnel

– Vi applauderer den visjonære nytenkinga dette prosjektet representerer, skriv adm.dir. i Fjord Norge, Kristian Jørgensen, i eit brev til Steinar Dvergsdal og dei andre bak prosjektet.

Rosen kjem etter at Fjord Norge fekk presentert prosjektet 22. mai, saman med NHO reiseliv. Han samanliknar vidare prosjektet med Preikestolen og Flåmsbana, og meiner det står fram som ein attraksjon i verdsklasse.

Kan bli like stor

– Eg har ingen problem med å tru at dette kan bli ein like stor attraksjon, seier Jørgensen, og viser vidare til fellesnemnaren i Ngong Ping-kabelbana i Hongkong, Fløybana, Bana til Kristus-statuen i Rio og dei andre stadene han nemnde i brevet; populære turistmål der utsikta er målet.

– Så framt det kan la seg realisere, særleg med tanke på at det er eit naturreservat, så ser vi dette som spennande, seier Jørgensen.

– Kva med prislappen på 275 millionar?

– Vi har også stilt oss spørsmålet om inntening ved prosjektet. Dette må bli noko som kan drype på bygda og skape større aktivitet der. Det er viktig at ein kan få til dette, utan at det blir ein «drive-through-attraksjon», seier Jørgensen.

Møtte Innovasjon Norge

Styreleiar i «Vegen til breen» Steinar Dvergsdal fortel at denne uttalen frå Fjord Norge er viktig for prosjektet deira. Måndag presenterte han og styret planane for Innovasjon Norge og Fylkesmannen, saman med Jølster-ordførar Oddmund Klakegg

– Vi hadde eit møte der vi la fram ein status, og presenterte forprosjektet, seier Dvergsdal. Han fortel vidare at dei har vore i dialog med Innovasjon Norge før, og at selskapet slik sett kjende til prosjektet deira frå tidlegare.

Ein som derimot fekk ein førstehandspresentasjon for første gang, var leiar for Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Halvor Flatland.

– Eg fekk sjå ein veldig lokal entusiasme for lokalmiljøet. Dei brenn for saka så det nesten luktar svidd av dei, seier Flatland.

Artikkeltags