Dette er ekstrem oppussing

Det gamle storhuset får ein ny vår som overnattingsstad for gardsturistar og gjestar hjå Heidi Vallestad og Sigurd Årskaug. Det må vere litt sjel i husa, seier Heidi Vallestad.

Det gamle storhuset får ein ny vår som overnattingsstad for gardsturistar og gjestar hjå Heidi Vallestad og Sigurd Årskaug. Det må vere litt sjel i husa, seier Heidi Vallestad. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

– Vi har alltid elska gamle ting, seier Heidi Vallestad. Saman med mannen Sigurd Årskaug har ho rive ned og bygd opp att eit eldgammalt hus som no skal huse turistar.

På Flatheim i Viksdalen er Heidi Vallestad og Sigurd Årskaug i full sving med å restaurere eit gammalt trehus som dei har flytta frå Indre Eldal, kring sju kilometer unna.

– Huset stod til nedfalls med store lekkasjar, og dei som eigde det såg ikkje moglegheit til å få gjort noko med det, seier Vallestad om prosjektet som må komme inn under kategorien «ekstrem oppussing».

Etter ein to-tre år lang prosess fekk paret løyve frå kulturvernavdelinga, og kunne byrja arbeidet med å flytte huset. Vilkåret var at dei fekk utført ei datering på kor gammalt huset var.

– Den eldste delen er frå 1572, medan resten av huset truleg er frå 1882, sidan det årstalet er rissa inn i ein bjelke, seier Vallestad, som difor går ut ifrå at huset var bygd saman slik det står fram no i 1882.

Litt av ein jobb

For vel to år sidan starta dei å rive ned huset, merke og frakte tømmerstokkane dei vel sju kilometrane til Flatheim.

– Det var litt av eit arbeid, for stokkane var «svinaktig» tunge, seier Vallestad, og legg til at mannen og svigerfaren stod for det meste av dette arbeidet, medan ho sjølv hjelpte til.

Sjølv om heile taket var opprotna, og alle sperrestokkane måtte skiftast ut, er ho overraska over kor mykje av materialet som kunne nyttast.

– Litt reparasjonar blei det sjølvsagt, og noko måtte vi ha hjelp av Nedre Jølster Bilelag for å greie å fikse. Men elles har vi gjort det meste sjølv, seier Vallestad, og røper kva som var den skitnaste jobben med restaureringa:

– Fleire sauer har hatt tilhald i bygget i ei årrekkje og det hadde regna rett inn, så vi har skrubba alle golv og alle tømmerstokkar på begge sider. Det var eit enormt arbeid. Vi skrubba i vekevis, ler Vallestad.

Puslespel

Ekteparet ønskjer å setje huset i så autentisk stand som mogleg.

– Det er mykje diskusjonar, for å finne ut kva som er rett å gjere. Det er ikkje berre å gå på Byggmakker eller Coop-en for å finne delar, seier Vallestad, og legg til at det er mykje spesialmateriale og spesiallaga delar som må til.

– Vi har til dømes plukka mose i myra til isolasjon, det går ikkje å bruke glava her, seier ho.

Sjølv om dei har gjort brorparten av arbeidet sjølv, er restaureringa budsjettert med å koste 700–800 000 kroner.

– Det er veldig kjekt å sjå at ein får det til, og at ein kan bevare historia, seier Vallestad, og legg til at dei har fått støtte frå Norsk kulturminnefond, Unistiftelsen og Innovasjon Norge.

Artikkeltags