Dette er den nye trenden

Ingeborg Sol Fure har drive med yoga i om lag ti år, og er blitt fenga av den nye trenden «stopdropandyoga». Her har ho fått med seg mannen sin på ein spenstig yogapositur.

Ingeborg Sol Fure har drive med yoga i om lag ti år, og er blitt fenga av den nye trenden «stopdropandyoga». Her har ho fått med seg mannen sin på ein spenstig yogapositur. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

– Det er utruleg artig.

DEL

Ingeborg Sol Fure frå Måløy har drive med yoga i om lag ti år, og i det siste har ho blitt fenga av den nye trenden «stopdropandyoga».

Det er eit nytt fenomen som går over fotodelingstenesta Instagram, som mange, og også Ingeborg, er ein ivrig tilhengar av.

– Det er ei form for yogarørsle, der ein blir oppfordra til å legge ut bilde av ulike yogapositurar på utradisjonelle stader, som til dømes ute i naturen, heime eller på jobb. Utruleg artig, og det dukkar stadig vekk opp stilige og kreative bilde.

I ein hektisk kvardag trekkjer Fure fram mange fordelar med yoga.

– For det første gjev det ein mental pause frå alt mas og jag i kvardagen. Samstundes er det utruleg effektivt for å styrke balanse, koordinasjon og konsentrasjon, i tillegg til å vere god styrketrening. Eg nyttar yoga på ulike måtar, alt etter kva eg treng. Somme gonger treng eg å stresse ned og kople ut, medan eg andre gonger treng meir energi. Det blir på ein måte ein eigen fristad, der eg jobbar med meg sjølv, seier Sol Fure.

Viktig å stoppe opp

– Eg meiner yoga er fordelsmessig for alt eg gjer. Det får meg til å kople ut, hente styrke og energi, slik at eg får overskot til å yte meir på både jobb, trening og elles. Under fødslane til borna mine nytta eg i tillegg pusteteknikkar som ein lærer i yoga, og det var ei stor hjelp.

I 2007 starta ho å instruere andre i yoga. Timane var fulle frå første stund, før det ein periode var mindre pågang. No føler ho at interessa har blomstra opp igjen, og synest det er kjekt.

– I samfunnet som vi lever i, der alt skal gå så utruleg fort og ein konstant er stressa, er det utruleg viktig å stoppe opp og bruke tid på seg sjølv. Det jaget som vi har hengande over oss er ikkje sunt, faktisk er det direkte øydeleggjande. Yoga dreier seg om å oppnå sinnsro og mental balanse, og er ein måte å kople ut ytre impulsar på, og berre vere åleine med seg sjølv, pusten og kroppen sin. Det burde ha vore ein del av pensum på barneskulen, seier Sol Fure.

Aukar prestasjonen

Dei to-tre siste åra har ho i tillegg til å trene yoga også drive aktivt med den røffe styrketreningsforma bodyfitness, og delteke i fleire konkurransar.

– Yoga har hjelpt meg til å prestere betre, og særleg i oppkøyringsfasen til ein konkurranse har det vore nyttig. Mellom anna er det ei anna form for styrketrening, godt for uttøying av musklar og ledd, samt ein måte å roe ned og hente energi på.

Les også: Slik taklar Anette stresset i kvardagen

Artikkeltags