Dette bygget blir selt for 1 krone

Dette kan bli ditt for ei krone.

Dette kan bli ditt for ei krone. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Har du lyst på eit sanatorium, er det berre å slå til.

DEL

Om du er ein av dei få her i landet, som har hatt tankar om at det hadde vore kjekt å eige eit sanatorium, så har du sjansen no. Men då må du vere kjapp.

La ut annonse

– Det er berrre eit forsøk for å sjå om nokon er interessert i å ta over og har ressursane til å gjere det. Det er jo veldig synd om det vert reve, seier Kenneth Solvberg.

Han har lagt ut annonse på finn med Luster Sanatorium, også kjent som Harastølen, til sals. Og prislappen? Ei krone.

Bygget, som vart opna i 1902, har mellom anna vore nytta som tuberkulosesjukehus, og på grunn av smittefara var det tidlegare eit eige samfunn på Harastølen der sanatoriet ligg. Men no har bygget stått tomt sidan 1990-talet.

Sjå video om Harastølen si historie.

– Det er eit bygg med veldig spanande historie. Noko som er veldig spesielt, er at det står mykje av utstyret som var brukt under tida som tuberkulosesjukehus der, fortel Solvberg.

Hastar

Men for dei som finn bygget interessant, hastar det å komme på bana. Om ikkje blir sanatoriumet reve.

Les også: Riv gammalt sanatorium

– Eg har fått eit par e-postar frå folk som kan vere interesserte, men eg er usikker på kor seriøse dei er i forhold til moglegheit til finansiering, seier Solvberg.

Det følgjer nemleg med nokre krav til den som tek over bygget.

– Kravet er at kjøpar har interesse og ressursar til å hindre vidare forfall og at Luster kommune er med på frådeling av tomta, forklarar Solvberg.

Ikkje totalrenovering med ein gong

Men for den som tek over, trur ikkje Solvberg det er snakk om noko totalrenovering første dag.

– Eg reknar med det held at farane med bygget vert ordna i første omgang, til dømes sånn at det ikkje lenger er noko fare for at det dett ned ting frå fasaden. Eg trur ein vil komme langt med 1–2 millionar. Men er ikkje noko vits i å ta over om ein ikkje har noko plan om å få inntekt ut av det, meiner han, og foreslår mellom anna å nytte bygget som museum, rekreasjonssenter eller konferansesenter.

Spesiell plass

Sjølve plassen skal vere veldig spesiell ifølgje Solvberg. Og om ein ikkje er redd for spøkjelse eller har blitt redd av filmar som til dømes Ondskapens hotell, så bør hindringane vere få.

– Når ein kjem opp til plassen, som ligg ganske så aleine oppe i skogen, så er det veldig imponerande. Det er som å komme opp til ein heil liten by. Bygget er ikkje så rasert som mange skal ha det til heller. Eg har vore oppe på loftet og sett, og det såg eigentleg veldig bra ut. Men eg måtte springe ut att etter ei lita stund av frykt for spøkjelse. Det er jo mange som har enda sine dagar der, seier Solvberg og ler.

Artikkeltags