Gründeren Martha Bjørvik Angedal (30) vart i føremiddag heidra med Bygdeutviklingsprisen for 2013, for bedrifta ho har bygd opp på garden sin i Angedalen i Førde.
Individtilpassa
Der har ho sidan 2009 bygd opp eit individtilpassa tilbod til ungdom med behov og utfordringar. Tilbodet femner om både butilbod, avlasting, skule- og fritidstilbod, fortalde direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge, før fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) overrekte prisen under opninga av fylkestingsseta i Loen.
Mønsterbedrift
– Det står respekt av å ha lukkast slik i ein utfordrande bransje, sa Flatland. Han omtala Martha Bjørvik Angedal som eit skuleeksempel på ein vellukka etablerar:
– Ho har bygd nettverk opp mot kundane, gjort heimeleksa si og fått til ei mønsterbedrift. Ho er systematisk, dyktig, og har eit vinnande vesen. Dette er ei dame med full kontroll, sa Flatland om etableraren som har dobla omsetnaden i bedrifta si kvart år sidan starten.
Valsituasjon
Prisvinnaren takka for heideren, og fortalde at ho for to år sidan stod overfor valet om anten å leggje ned, eller å satse for fullt.
– Støtta frå Innovasjon Norge var medverkande til at eg valde å halde fram, sa Martha Bjørvik Angedal.
Bygdeutviklingsprisen blir gitt til bedrifter eller personar som står bak ei vellukka etablering, og der utgangspunktet skal vere i landbruket og i bygdene sine ressursar.