- Det skal ikkje bli lett å drive kommersielt, hvis NRK kan kopiere stoffet vårt

ORIGINALEN OG ETTERLIKNINGA: Det blir ikkje lett for BT å ta betalt for saka si, når ei nærast identisk sak ligg gratis på NRK sine nettsider.

ORIGINALEN OG ETTERLIKNINGA: Det blir ikkje lett for BT å ta betalt for saka si, når ei nærast identisk sak ligg gratis på NRK sine nettsider. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Sjefredaktør Gard Steiro i BT meiner NRK Sogn og Fjordane kopierte artikkelen deira om Fridtjov Urdal.

DEL

- NRK tok saka vår, vi kjente igjen mange av formuleringane. At dei siterer nyhende og hentar inspirasjon frå oss, det har vi opplevd, men ikkje at dei kopierer ein heil feature-artikkel på den måten, seier Gard Steiro, sjefredaktør i Bergens Tidende.

Eit halvt års arbeid

BTMagasinet førre laurdag handla i all hovudsak om Fridtjov Urdal frå Jølster, som har teke slankeoperasjon og gått alvorleg ned i vekt. I tillegg fortalde han historia om korleis han hadde fått kontakt med sin biologiske familie, etter å ha gått og lurt på det i ein mannsalder. Bergens Tidende sin journalist har arbeidd med saka i eit halvt år.

At medier siterer kvarandre og dermed «stel» nyheitssaker, er så vanleg at ingen hevar eit augnebryn. At eit medium gjev seg til å kopiere ei laurdagssak, det er derimot sjeldan kost.

Men det var akkurat det NRK Sogn og Fjordane gjorde sist veke. Fire dagar etter at saka sto på trykk i BT-Magasinet, og mens saka framleis låg som betal-sak på BT sine nettsider, kunne NRK Sogn og Fjordane også fortelje historia om Fridtjov Urdal. Akkurat den same historia. Med vekttap, attfunnen familie, heile historia. Dette får sjefredaktør Gard Steiro i BT til å reagere:

Gjev det vekk gratis

- Det dei gjer er jo å etterlikne heile saka, moment for moment. Det er ikkje ein rein kopi, men det er tydeleg at den som har skrive den, har hatt vår sak liggande framfor seg. For ordens skuld siterer dei oss nokre få gonger, men det dei gjer er i praksis å ta vårt innhald, som vi har brukt store ressursar og lang tid på å samle inn, og gje det vekk gratis på sine nettsider, seier Steiro. Han synest det er rart at NRK kan opptre slik:

- Eg må seie eg undrast over kva vurderingar som låg bak avgjerda om å gjere dette. Dei tilfører jo absolutt ingen ting journalistisk, det einaste dei gjer er å lage ein litt bleik kopi. Det er då vel ikkje det som skal være NRK si rolle? Kan dei ikkje drive journalistikk i staden?

Øydelegg for kommersielle

Steiro meiner NRK mildt sagt var uheldig med timinga i denne saka:

- Å gjere dette akkurat no, når ein diskuterer NRK-plakaten og NRK si rolle i medieverda framover?. vel, vel. Det skal ikkje bli lett for kommersielle medier å få betalt for redaksjonelt innhald, dersom dette blir NRK si rolle i framtida: At dei sit med stabile, høge og ikkje konjunkturutsette inntekter, kopierer andre sitt stoff, og ikkje treng ta betalt for arbeidet sitt. Viss vi andre då skal ta betalt, så kan NRK på sikt truge mediemangfaldet, seier Steiro.

- Eg forstår kva han snakkar om, seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen.

- NRK Sogn og Fjordane har ein svært streng praksis når det gjeld å henta saker frå papiraviser eller nettaviser med betalingsmur. Slike saker blir berre publisert som notis på mobil/nettsida og med lenke, og vi skal vera rause med sitat. Den velskrivne featuresaka om Fridtjof Urdal vart publisert på bt.no 22. august og i BT Magasinet 23. august. Fem dagar seinare er Urdal gjest i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane der han fortel levande om livet som svært overvektig, slankeoperasjonen han har gått igjennom, og om møtet med halvsyskena han har spora opp. Bergens Tidende blir sitert fleire gonger i intervjuet. Basert på radiosaka publiserer NRK Sogn og Fjordane same dag ei sak på nettet, alle sitata og det journalistiske fokuset er henta frå radioportrettet, og eg er ikkje einig i at vi har kopiert saka scene for scene.

- Når det er sagt er eg heilt einig med Gard Steiro at NRK skal vera svært bevisste på vår rolle framover. Ei featuresak bak betalingsmur skal leva lenge, og mister ekslusiviteten når NRK lagar ei større sak av det slik vi gjorde fem dagar etter at BT hadde saka. Rett nivå hadde vore ei kort nettsak med sitat BT og kanskje også lenke til saka vi hadde på radio.

Artikkeltags