Det nye kommunestyret i Jølster er klart

Oddmund Klakegg vert ordførar i det nye kommunestyret i Jølster.

Oddmund Klakegg vert ordførar i det nye kommunestyret i Jølster. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Her er namna til dei 25 politikarane som skal styre Jølster dei kommande fire åra.

DEL

Alle personrøyster og slengjarar er no talde opp, og det er klart at desse politikarane skal danne det nye kommunestyret i Jølster. I parentes står opprinneleg plassering på partia sine vallister.

Det er allereie klart at Oddmund Klakegg (Sp) blir den nye ordføraren i Jølster etter at Senterpartiet har gjort avtale om samarbeid med Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Ragnhild Sæle (Ap) vert ny varaordførar i kommunen.

Her kan du sjå valresultata for Jølster.

Arbeidarpartiet - fem representantar
Arve Dvergsdal (2)
Ragnhild Sæle (1)
Siv Karin Hestad (4)
Joakim Sunde Fossheim (5)
Elisabeth Dalen (3)

Framstegspartiet - ein representant
Johannes Egil Juklestad (2)

Høgre - tre representantar
Anders Kristian Sægrov (1)
Anna Cecilie Sunde (2)
Tore-Bjarne Gamborg (4)

Kristeleg Folkeparti - to representantar
Audun Høyvik (2)
Irene Barmen Hoel (1)

Senterpartiet - åtte representantar
Oddmund Klakegg (1)
Gerd Sunde Førde (4)
Jan Ove Flaten (2)
Marit Jofrid Flatjord (3)
Johannes Lars Fossheim (7)
Per Inge Indrebø (5)
Tom Erik Sandal (11)
Ingrid Søyland (19)

Sosialistisk Venstreparti - to representantar
Jakob Andre Sandal (1)
Silja Juklestad (2)

Venstre - fire representantar
Judith Jenny J. Kapstad (1)
Atle Hamar (8)
Vigdis Tonning (3)
Aina Helen Gamborg (6)


Artikkeltags